Utløpt

Seksjonssjef - Helfo veiledning (Ørsta) 

Arbeidsgiver
Helfo
Stillingstittel
Seksjonssjef - Helfo veiledning
Frist
25.10.2020
Ansettelsesform
Fast

Helfo veiledning har ansvar for rettleiing innan regelverk, takstbruk og direkte oppgjer overfor helseaktørar (behandlarar og tenesteytarar), i tillegg til planlegging og gjennomføring av proaktivt kommunikasjonsarbeid til dei same målgruppene. Avdelinga samarbeider mykje med andre delar av Helfo, og andre interessentar og samarbeidspartnarar. Avdelinga har i dag om lag 40 medarbeidarar.  

 

Helfo søkjer etter seksjonssjef til proaktiv seksjon, ein av to seksjonar i Helfo veiledning. Seksjonen har nasjonalt ansvar for planlegging og gjennomføring av proaktivt og førebyggjande informasjonsarbeid mot helseaktørarar. Oppgåvene til seksjonen er å kartlegge behov, innhente brukarinnsikt, gjennomføre førebyggjande aktivitetar, samt evaluere og måle effektar av aktivitetane som vert utført.
 
Seksjonen har i dag 10 medarbeidarar.  

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • Utarbeide og konkretisere mål og planar for seksjonen sitt ansvarsområde
  • Sikre drift og iverksette nødvendige aktivitetar for å nå mål
  • Arbeid med kontinuerleg forbetring og utvikling av funksjonen og tenesteprosessar
  • Resultat- og rapporteringsansvar for seksjonen sitt ansvarsområde
  • Leiing og utvikling av medarbeidarar i eit kompetent fagmiljø
  • Samhandling med andre i og utanfor Helfo
  • Bidra aktivt i leiargruppa sitt arbeid og i utvikling av avdelinga og Helfo som heilheit.

Det vert stilt store krav til effektivisering av offentleg sektor. Oppgåver og arbeidsformer er i stor endring, og automatisering og digitalisering står sentralt. Dette vil gi rolla spennande og krevjande arbeidsoppgåver, men gjer også at det kan verte endringar i oppgåver og ansvar. 

 

Kvalifikasjonskrav

Du må ha relevant universitet- eller høgskuleutdanning, primært på masternivå. Det er ønskjeleg med leiarerfaring. Du bør ha erfaring med medarbeidar- og kompetanseutvikling, samt systematisk forbetringsarbeid med rett kvalitet og produktivitet.

Vi søkjer etter ein tydeleg og resultatorientert leiar med stor evne til gjennomføring. Du trivest med personalansvar og evner å engasjere og motivere medarbeidarar for å nå mål. Du må vere open og inkluderande, og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du ser på interne og eksterne samarbeidspartar som ein viktig ressurs. Ansvarsområdet og Helfo generelt er prega av utvikling og omstilling. Vi ser derfor etter ein utviklingsorientert, initiativrik og engasjert leiar som kan utvikle funksjonen vidare.  

Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

  • ein spanande leiarjobb i ei utviklingsorientert verksemd
  • kontinuerleg utvikling av deg som leiar
  • eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø med fokus på kompetanse, kvalitet og service
  • utfordrande arbeidsoppgåver i eit kompetent fagmiljø
  • fleksitidsordning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse.

Arbeidsstad er i lokala våre i Ørsta.
 
Tilsetting som seksjonssjef (stillingskode 1211). Aktuell løn ligg mellom 667.200 og 789.200 kroner. For særleg kvalifiserte søkarar kan ein vurdere høgare løn.

Medarbeidarar i Helfo skal representere heile befolkninga i Noreg, og vi vil ha tilsette med forskjellig alder, kjønn og bakgrunn. Vi ønsker å bidra til å oppnå regjeringa si målsetting om at fem prosent av nye tilsette i staten skal vere personar med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne. Dersom du opplyser om at du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, kan opplysingane bli brukte til registreringsformål.

Søknad og CV sender du elektronisk. Du må legge ved alle relevante attestar og vitnemål når du søker. Helfo vil utarbeide ei offentleg søkarliste for stillinga. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om søkaren ønsker å bli utelukka frå søkarlista. Søkaren vil i så fall bli varsla om dette. Vi gjer merksam på at CV-en blir nytta i utvida søkarliste.

Spørsmål om stillinga kan du rette til avdelingsdirektør for Helfo veiledning: Kari Melle, mobil 40 20 28 40

For meir informasjon om Helfo, sjå www.helfo.no. Sjå også relevant informasjon på www.helsenorge.no.

Om arbeidsgiveren



Helfo har som samfunnsoppdrag å sikre rettar til helseaktørar og privatpersonar, og informere og rettleie om helsetenester. Helfo er ein ytre etat i Helsedirektoratet og forvaltar om lag 35 milliardar kroner i året. Dette omfattar oppgjer frå folketrygda til behandlarar, leverandørar og tenesteytarar, og individuell refusjon av privatpersonar sine utgifter til m.a. legemiddel, tannhelse og helsetenester i utlandet.


Helfo arbeider for å gjere kvardagen enklare for helseaktørar og privatpersonar gjennom tilgjengelege, jamgode og effektive helsetenester. Helfo er i ein omstillingsprosess for å kunne møte stadig raskare endringar i samfunnet og aukande forventingar til brukartilpassa, digitale tenester. Regjeringa har bestemt at vi frå 2021 skal ha kontor i Tønsberg, Fredrikstad, Sola, Ørsta, Mo i Rana og Kirkenes.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Strandgata 5b, 6150 Ørsta
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Ledelse

Nøkkelord

Seksjonssjef,, Veiledning,, Proaktivt;, Forebyggende,, Informasjonsarbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Melle
Stillingstittel
Avdelingsdirektør Helfo veiledning
Telefon
40 20 28 40
Følg firma
478 følger dette firmaet

Strandgata 5b, 6150 Ørsta

Annonseinformasjon

FINN-kode 194639041
Sist endret 12. okt. 2020 12:39

Rapporter annonse