Utløpt

Ledig stilling

Arbeidsgiver
Sogndal kommune
Stillingstittel
Kulturhusleiar - Sogndal kulturhus
Frist
01.11.2020
Ansettelsesform
Fast

Kulturhusleiar Sogndal kulturhus


Frå komande årsskifte vert Sogndal kulturhus AS ein del av den kommunale kulturavdelinga. Det skjer samstundes med fleire utviklingstiltak; m.a. etablering av ein permanent klubbscene Blaoboxen, teknisk opprusting av storsalen og eit tettare samarbeid med bibliotek og kulturskule, som òg held til i huset. Målet er òg at det skal etablerast eit galleri, og at fleire regionale og nasjonale produksjonar bruker huset. Ein hovudaktivitet for kulturhuset er drift av Sogndal kino, med 3 kinosalar. Ikkje mindre enn 15 gonger er kinoen kåra til Årets kino i Norge, sidan huset opna i 1991.

 

Til å leia kulturhuset er det no ledig 100 % stilling som kulturhusleiar med produksjonsansvar.  

Arbeidsoppgåver:

Er du kulturleiaren som saknar å delta aktivt i produksjonar? Eller er du kulturprodusenten som ynskjer ein tydlegare leiarposisjon? Då er kanskje dette stillinga for deg. Tidlegare kulturhussjef har nyleg gått av med pensjon og Sogndal kommune søkjer no kulturhusleiar med produksjonsansvar. Saman med kinosjef og marknads- og arrangementsansvarleg får du ansvar for å utvikle kulturhuset vidare. Organisatorisk vil du arbeide tett med kulturskulerektor og biblioteksjef, som held til i kulturhuset, og alle desse leiarane har kulturleiar som sin overordna.

Som kulturhusleiar skal du:

  • styre og leie drifta av kulturhuset,
  • syte for strategisk utvikling i samsvar med planar
  • sikre god økonomistyring
  • sikre god kommunikasjon internt og eksternt
  • vera nærast leiar til dei andre heiltidstilsette og om lag 15 deltidstilsette
  • ta del i praktisk arbeid knytt til arrangement   

Kvalifikasjonar:

Vi søkjer deg med leiarkompetanse og erfaring ifrå praktisk kulturproduksjon og arrangementsarbeid. Det er òg ynskje at du har relevant høgare utdanning. Interesse og kunnskap om økonomi og god personalforvaltning, er ei føremon. Krava kan fråvikast ved lang og relevant erfaring frå tilsvarande arbeid.

  • Eit glødande engasjement for å utvikle kulturhuset saman med andre aktørar
  • Kjennskap og erfaring med kulturarbeid
  • Evna til å kommunisere godt skriftleg og munnleg
  • Evne til å ta initiativ og vere ein trygg og utviklingsretta medspelar

Personlege eigenskapar:

  • God kunnskap og interesse for kulturarbeid generelt og kulturhusarbeid spesielt
  • Erfaring med utviklingsarbeid
  • Leiarerfaring med gode resultat
  • God kjennskap til offentleg sektor
  • Kjennskap til offentlege og private tilskots- og støtteordningar på kulturfeltet

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Ei kultureining der vi set utvikling i høgsetet for å oppnå faglege resultat til beste for innbyggjarane våre
  • Ei sjølvstendig stilling med stort ansvar for å sikre ei positiv utvikling

Berre søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert teke i betraktning. 


Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
6856 Sogndal
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jon Tvilde
Mobil
95 89 90 26
Følg firma
58 følger dette firmaet

6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 194637323
Sist endret 23. nov. 2020 12:56

Rapporter annonse