Utløpt

Er du vår neste HR-sjef?

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
HR-sjef
Frist
26.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker HR-sjef

Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeidd ein ny og framtidsretta organisasjonsstrategi. Den er vår felles plattform for korleis vi som organisasjon skal løyse vårt samfunnsoppdrag best mogleg. HR-seksjonen i stab for organisasjon og tenesteutvikling er ein kompetent medspelar til forbetringsarbeid, organisasjonsutvikling og innovasjon. Staben er tett på fag- og tenesteområda og utviklar dei menneskelege ressursane gjennom eit verdiskapande samarbeid i ein lærande organisasjon. Til å leie HR-seksjonen søker vi ny HR-sjef.


Du får jobbe med

å følge opp den utøvande og overordna arbeidsgivarfunksjonen på vegne av fylkeskommunedirektøren. HR-sjefen er m.a. forhandlingsleiar for arbeidsgivar ved lokale lønsforhandlingar, arbeidsgivarrepresentant ved informasjons- og drøftingsmøte med arbeidstakarorganisasjonane og ved oppfølging av personal- og disiplinærsaker.

Leiarstøtte og leiar-, kompetanse- og organisasjonsutvikling forankra i organisasjonsstrategien er andre sentrale oppgåver. Stillinga krev tett kontakt med fylkeskommunedirektøren, organisasjonssjefen, leiarar på ulikt nivå i organisasjonen, hovudtillitsvalte og vernetenesta.

HR-sjefen må kunne arbeide både på organisasjons- og systemnivå, i tillegg til enkeltsaker. Stillinga inneber personalansvar for 6 tilsette i HR-seksjonen. Seksjonen inngår som ein av 4 seksjonar i stab for organisasjon og tenesteutvikling. HR-sjefen rapporterer til organisasjonssjefen.


Vi treng ein HR-sjef

som søker utfordringar, og som ønsker å utvikle seg sjølv og andre gjennom aktiv samhandling på arbeidsgivar- og organisasjonsområdet.

Kompetansekrav:

  • relevant utdanning frå universitet eller høgskole

Det vil elles bli lagt vekt på :

  • Menneske- og organisasjonsforståing, og evne til å etablere gode relasjonar
  • Samhandlings- og prosessrettleiarkompetanse
  • Saksbehandlings- og utredningskompetanse
  • Evne til å arbeide systematisk og målretta
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
  • Erfaring frå arbeidsgivar- og organisasjonsområdet, og er HR-fagleg oppdatert
  • Relevant leiarerfaring frå større organisasjonar
  • Erfaring frå eller god kunnskap om offentleg forvaltning


Vi tilbyr

  • Ei utfordrande leiarstilling i eit profesjonelt og sterkt fagmiljø
  • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement.


Om arbeidsplassen

Stillinga har for tida arbeidsstad i Molde, med kontorplass på Fylkeshuset. Fylkeskommunen har arbeidstakarar i alle fylkets kommunar. Stab og fag- og tenesteområda er representert i arbeidslokaler både i Ålesund, Kristiansund og Molde. Noko reiseverksemd i fylket må påreknast.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss. Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette før offentleggjering.

Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Vi er ein tydeleg medspelar i lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
fylkeshuset, julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering,
Ledelse

Nøkkelord

hr, personalarbeid, personaladministrasjon, ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Dag Lervik
Stillingstittel
Påtroppande organisasjonssjef
Telefon
71 28 01 75
Mobil
95 17 30 38
Følg firma
312 følger dette firmaet

fylkeshuset, julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 193465871
Sist endret 13. nov. 2020 10:12

Rapporter annonse