Utløpt

Vi søker assisterande kompetanse- og næringsdirektør

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Assisterande kompetanse- og næringsdirektør
Frist
26.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomførte ei omorganisering i 2019 der ansvaret for vidaregåande opplæring, fagskole og næringsutvikling blir samla i ei kompetanse- og næringsavdeling. Dei forventa synergiane av denne samanslåinga er å legge til rette for eit heilskapleg utdanningsløp som er tilpassa næringslivets framtidige behov og å styrke dei vidaregåande skolane sin pådrivarrolle for å utvikle robuste lokalsamfunn og regionar. Dette krev ei heilskapleg utvikling av kompetanse- og næringsområdet.

Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider for ein organisasjonskultur som fremmar verdiskapande samarbeid, kompetansebygging og læring på tvers av fag og nivå. For å bidra til å realisere forventa synergiar søker vi no etter assisterande kompetanse- og næringsdirektør.


Assisterande kompetanse- og næringsdirektør

er nestleiar og har personalansvar for staben i kompetanse- og næringsavdelinga. Stillinga inngår i leiargruppa for avdelinga og rapporterer til kompetanse- og næringsdirektøren.

Som leiar for staben har assisterande kompetanse- og næringsdirektør særleg ansvar for desse oppgåvene innanfor nærings- og kompetanseområdet:

  • Plan- og rapporteringsarbeid
  • Overordna økonomiansvar
  • Strategisk leiarstøtte i samarbeid med fylkeskommedirektørens stab:


  • Legge til rette for strategisk utvikling og verksemdstyring
  • Porteføljestyring
  • Koordinering av politiske saker
  • Koordinering av digitalisering
  • HR internt i kompetanse- og næringsavdelinga
  • Informasjon, kommunikasjon og publikasjonar
  • Administrative funksjonar, innkjøp og programmering av skolebygg

Kompetanse- og næringsdirektøren si leiargruppe skal saman med medarbeidarane legge stor vekt på å skape nye synergiar gjennom tverrfagleg samskaping på tvers av etablerte strukturar innafor kompetanse- og næringsområdet.


Vi søker deg som

ønsker utfordringar, og som evner å utvikle seg sjølv og andre gjennom aktiv samhandling på kompetanse- og næringsområdet.

Dessutan blir det lagt vekt på at du har:

  • Høgare utdanning
  • Solid leiarerfaring, med dokumenterte resultat
  • Prosessleiarerfaring frå gjennomførte endringar i/av organisasjonar
  • Erfaring frå offentleg forvaltning
  • Kunnskap om næringslivet i regionen og vidaregåande opplæring
  • Erfaring med saksbehandling til folkevalde organ
  • Erfaring med økonomioppfølging
  • Erfaring med personaloppfølging og organisasjonsutvikling


I tillegg forventar vi at du:

  • Er strategisk og analytisk med evne til å sjå komplekse samanhengar
  • Skapar handlingsrom i spenningsfeltet mellom politikk og administrasjon
  • Er strukturert og har stor arbeidskapasitet
  • Er handlekraftig og innehar gjennomføringsevne
  • Kan ta tydelege beslutningar og mobilisere medarbeidarane til innsats
  • Utviklar gode relasjonar, etablerer nettverk og bygger tillit
  • Har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne


Vi tilbyr

  • Ei utfordrande leiarstilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement.


Om arbeidsplassen

Stillinga har for tida arbeidsstad i Molde, med kontorplass på Fylkeshuset. Fylkeskommunen har arbeidstakarar i alle fylkets kommunar. Fag- og tenesteområda er representert i arbeidslokaler både i Ålesund, Kristiansund og Molde. Noko reiseverksemd må påreknast.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss. Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette før offentleggjering.


Agenda Kaupang bistår Møre og Romsdal fylkeskommune i rekrutteringsprosessen.

Har du spørsmål om prosessen kan det tas kontakt med ein av desse i Agenda Kaupang:


Johan Lindgård

Tlf.: 915 16 726


Kjell Værnor

Tlf.: 958 80 655

Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Vi er ein tydeleg medspelar i lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
fylkeshuset, julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Forretningsutvikling og strategi

Nøkkelord

ledelse, porteføljestyring, organisasjonsutvikling, virksomhetsstyring, næringsutvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erik Brekken
Stillingstittel
Kompetanse- og næringsdirektør
Telefon
71 28 03 70
Mobil
48 13 12 91
Følg firma
312 følger dette firmaet

fylkeshuset, julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 193464121
Sist endret 13. nov. 2020 10:04

Rapporter annonse