Utløpt

Vi søker etter næringssjef

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Næringssjef
Frist
26.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker etter næringssjef

Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomførte ei omorganisering i 2019 der ansvaret for vidaregåande opplæring, fagskole og næringsutvikling blir samla i ei kompetanse- og næringsavdeling. Dei forventa synergiane av denne samanslåinga er å legge til rette for eit heilskapleg utdanningsløp som er tilpassa næringslivets framtidige behov og å styrke dei vidaregåande skolane sin pådrivarrolle for å utvikle robuste lokalsamfunn og regionar. Dette krev ei heilskapleg utvikling av kompetanse- og næringsområdet.

Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider for ein organisasjonskultur som fremmar verdiskapande samarbeid, kompetansebygging og læring på tvers av fag og nivå. For å bidra til å realisere forventa synergiar søker vi no etter næringssjef.


Arbeidsområda til næringssjefen

vil vere fag- og resultatansvar for fagområda som næringsseksjonen i kompetanse- og næringsavdelinga dekkjer, med personalansvar for leiarane på fagområda i seksjonen. Næringssjefen inngår i leiargruppa for avdelinga og rapporterer til kompetanse- og næringsdirektøren.

Næringssjefen har ansvar for desse fagområda:

  • Opplæring i bedrift
  • Energi og grøn omstilling
  • Marin og naturressurs
  • Internasjonalt arbeid
  • Næringsutvikling, høgare utdanning og forsking

I tillegg gir næringsseksjonen administrativ støtte til fagskolestyret og rektor ved fagskolen i Møre og Romsdal. Kompetanse- og næringsdirektøren si leiargruppe skal saman med medarbeidarane legge stor vekt på å skape nye synergiar gjennom tverrfagleg samskaping på tvers av etablerte strukturar innafor kompetanse- og næringsområdet.


Vi søker ein næringssjef

som ønsker utfordringar, og som evner å utvikle seg sjølv og andre gjennom aktiv samhandling på kompetanse- og næringsområdet. Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på at du har:

  • Høgare relevant utdanning
  • Solid leiarerfaring med dokumenterte resultat
  • Prosessleiarerfaring frå gjennomførte endringar i/av organisasjonar
  • Erfaring frå offentleg forvaltning eller god kunnskap om denne gjennom tett samhandling
  • Kjennskap til relevante aktørar, nettverk og klyngesamarbeid som er viktig for nærings- og kompetanseutvikling i regionen
  • Erfaring frå privat næringslivsverksemd eller god kunnskap om næringslivet gjennom tett samhandling med ulike næringar

I tillegg forventar vi at du:

  • Er strategisk og analytisk og evner å sjå komplekse samanhengar
  • Har evne til å sette deg inn i nye områder og tileigne deg ny kompetanse
  • Er handlekraftig og innehar gjennomføringsevne
  • Har arbeidskapasitet og evne til å takle stort tempo og komplekse samanhengar
  • Kan ta tydelege beslutningar og mobilisere medarbeidarane til innsats
  • Utviklar gode relasjonar, etablerer nettverk og bygger tillit
  • Har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne


Vi tilbyr

  • Ei utfordrande leiarstilling i eit profesjonelt og sterkt fagmiljø
  • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.


Om arbeidsplassen

Stillinga har for tida arbeidsstad i Molde, med kontorplass på Fylkeshuset. Fylkeskommunen har arbeidstakarar i alle fylkets kommunar. Fag- og tenesteområda er representert i arbeidslokaler både i Ålesund, Kristiansund og Molde. Noko reiseverksemd må påreknast.


Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss. Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette før offentleggjering.


Agenda Kaupang bistår Møre og Romsdal fylkeskommune i rekrutteringsprosessen.

Har du spørsmål om prosessen kan det tas kontakt med ein av desse i Agenda Kaupang:


Johan Lindgård

tlf.: 915 16 726


Kjell Værnor

tlf.: 958 80 655

Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Vi er ein tydeleg medspelar i lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
fylkeshuset, julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

næring, samfunnsutvikling, ledelse, offentlig sektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erik Brekken
Stillingstittel
Kompetanse- og næringsdirektør
Telefon
71 28 03 70
Mobil
48 13 12 91
Følg firma
311 følger dette firmaet

fylkeshuset, julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 193462024
Sist endret 13. nov. 2020 09:48

Rapporter annonse