Utløpt

Seksjonsleiar kontorseksjon

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Seksjonsleiar Kontorseksjon
Frist
18.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Vi søkjer ein seksjonsleiar som ønskjer å bidra til høg kvalitet og gode tenester knytt til pasientservice og merkantile oppgåver hos oss.

Som seksjonsleiar i Kontorseksjonen vil du ha ansvar for dei merkantilt tilsette ved Skadepoliklinikken. Det er til saman 9 tilsette ved seksjonen. Skadepoliklinikken høyrer til Ortopedisk klinikk, og held til i Bergen helsehus saman med Allmennlegevakta i Bergen kommune. Skadepoliklinikken ivaretar pasientar som treng akutt helsehjelp ved skadar som brot, kutt, sår og brannskadar, samt kontroll av desse skadane.

Skadepoliklinikken har tilsette med høg kompetanse som arbeider tverrfagleg i eit godt og aktivt arbeidsmiljø. Målet er å levere kvalitet i tenesta med pasienten i sentrum. Vi samarbeider med utdannings- og forskingssinstitusjonar, rettleier studentar og har fleire pågåande forskingsprosjekt.

Arbeidsoppgåver

  • Personal- og budsjettansvar for merkantil gruppe
  • Fagansvar for tilrettelegging av arbeidsoppgåver, utarbeiding av rutinar vedrørande pasientdokumentasjon, ventelister og rapportar samt oppfølging av kvalitetsregistre
  • Seksjonsleiar er ein del av avdelinga si leiargruppe
  • Den som blir tilsett må sjølv ta del i den daglege drifta og har medansvar for at ressursane blir nytta innan gitte budsjettrammer til beste for avdelinga
  • Stillinga medfører ansvar for ulike kontrolloppgåver i datasystema, til dømes følgje opp faktura og avdelinga sine kvalitetsregistre
  • Ansvar for koding
  • Andre arbeidsoppgåver kan og vere aktuelle, som for eksempel utvikling og vedlikehald av elektronisk heimeside
  • Det må påreknast å jobbe helg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som Helsesekretær
  • Relevant leiarerfaring og/eller -utdanning er ein føremon
  • Erfaring med endringsprosessar
  • Erfaring frå resepsjonsarbeid er ein føremon
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse innan ulike verktøy og operativsystem, gjerne DIPS, Gat, Merida/ Libra, Elements og Agresso
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av yrkesgrupper og avdelingar
  • Må meistre norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar
  • Gjerne kunnskap og erfaring frå spesialisthelsetenesta sitt ansvar og arbeidsområde

Personlege eigenskapar

  • Tar ansvar og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
  • Er engasjert og engasjerer andre
  • Er resultatorientert og evner å fatte avgjerder
  • Ha fokus på å skape og bidra til eit godt og lærande arbeidsmiljø
  • Evner å sette pasienten i fokus
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er fleksibel i forhold til oppgåver og strukturert i forhold til innhald
  • Arbeider sjølvstendig og tar initiativ
  • Liker varierte utfordringar i eit aktivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Dyktige og engasjerte kollegaer

Om arbeidsgiveren



Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Solheimsgaten 9, 5058 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Seksjonsleiar, Kontorseksjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ryan Villacarillo Pangilinan
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
55 56 87 27
Følg firma
2248 følger dette firmaet

Solheimsgaten 9, 5058 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 193384181
Sist endret 1. okt. 2020 19:42

Rapporter annonse