Utløpt

Instituttleiar ved Institutt for geovitenskap - åremålsstilling

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Instituttleiar ved Institutt for geovitenskap - åremålsstilling
Frist
01.11.2020
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Instituttleiar ved Institutt for geovitenskap - åremålsstilling

Ved Institutt for geovitenskap er det frå 14. august 2021 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar for fire år.

Om instituttet

Institutt for geovitenskap er eitt av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Her finn vi Noreg sitt største geovitskaplege fagmiljø og er sentral i fleire internasjonalt leiande forskingssenter som Bjerknessenteret, SapienCE samt Senter for djuphavsforsking .I 2020 blei instituttet dessutan tildelt vertskapet for eit senter for framifrå utdanning, iEarth. Instituttet skal drive forsking og utdanning på høgt internasjonalt nivå i takt med samfunnets behov for geovitskapleg kompetanse. Dette stiller krav til moderne forskingsfasilitetar. I dag har instituttet ansvar for ei rekkje avanserte laboratorium, kraftig data-infrastruktur samt avansert felt og toktutstyr. Fleire av desse har status som nasjonale infrastrukturfasilitetar. Vidare har instituttet tilgang til ei rekke moderne havgåande fartøy.

Hovudaktiviteten er forsking og forskingsbasert undervising innanfor sentrale geologiske og geofysiske disiplinar. Med basis i grunnleggjande geofaglege disiplinar satsast det her strategisk på klima, polar, geofarar, miljø, ressursar og energi, i eit forskingsmiljø som fostrar kvalitet og innovasjon. Instituttet skal vere ein framifrå lærestad - med studentane i sentrum. Instituttet har og ei sentral rolle i UiB si strategiske satsing innan globale utfordringar, særleg når det gjeld områda marin forsking, klima og energiomstilling. Aktiviteten skjer på land og sjø over store delar av kloden.

Instituttet har ein fast vitskapleg stab på 38 personar, 34 postdoktorar og forskarar, rundt 55 doktorgrads-stipendiatar og ein teknisk/administrativ stab på 34 tilsette. Eksternfinansiert forsking utgjer nær 50 % av den totale omsetjing som er i underkant av 200 millionar i året.

Nærare opplysningar om Institutt for geovitenskap finn du på heimesida (https://www.uib.no/geo).


Om stillinga

Instituttleiar har eit overordna ansvar for den samla verksemda ved instituttet og resultatansvar for forsking, utdanning, formidling og innovasjonsamt overordna personal-, HMS- og budsjettansvar. Ei viktig oppgåve er å leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering, då forskingsverksemda ved instituttet avheng av at ein lukkast med dette. Instituttleiar leiar instituttrådet, rapporterer til dekanen og inngår i fakultetet si leiargruppe. Det er venta at instituttet er ein sterk aktør innan geovitskap, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.


Arbeidsoppgåver

Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er å

  • leie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet i utdanning, forsking og formidling, i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergen samt utvikle faget i tråd med FN sine berekraftsmål
  • sørgje for god fagleg leiing med vekt på kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon
  • representere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeid
  • bidra til utviklinga av fakultetet
  • stimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansiering
  • skape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljø
  • leggje til rette for at instituttet får ein rettvis kjønnsbalanse
  • skape arenaer for samarbeid, medverknad og dialog
  • sørgje for tenleg infrastruktur, tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda
  • sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søkjer ein instituttleiar som

  • har interesse og kunnskap om verksemdsleiing og leiarutvikling
  • har klare visjonar for geofaget inn i det neste tiåret både for instituttet men og i den nasjonale geofag tradisjonen
  • har gode leiareigenskapar, dokumenterte resultat frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiing
  • har visjonar og tankar for vidareutvikling av instituttet dei neste 5-10 åra
  • er ein internasjonalt anerkjent forskar, normalt med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved instituttet
  • har evne til å setje mål og arbeide strategisk for instituttet

I tillegg vert det lagt vekt på

  • god forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom
  • ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
  • leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar
  • gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit internt og eksternt
  • gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og engelsk

Vi kan tilby
  • eit godt og fagleg stimulerande internasjonalt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475)
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få frå dekan Helge K. Dahle, telefon +47 55 58 48 56 / e-post helge.dahle@uib.no, eller fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 55 58 81 98 / e-post elisabeth.lysebo@uib.no.

Alle spørsmål blir handsama konfidensielt.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhengande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Allegaten 41, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
1203 følger dette firmaet

Allegaten 41, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 193248593
Sist endret 30. sep. 2020 08:39

Rapporter annonse