Seksjonsleiar/Verkstadleiar
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar/Verkstadleiar
- Frist
- 05.11.2020
- Ansettelsesform
- Fast
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)
Seksjonsleiar/Verkstadleiar
Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei fast stilling som seksjonsleiar i 100% stilling. Vi søkjer ein seksjonsleiar som er oppteken av utvikling, med gode samhandlingsevner og ein inkluderande leiarstil. Seksjonen har i dag verkstader og tenester innan fagfelta kunst, musikk og design.
Seksjonen er organisert som ein fellesfunksjon for heile fakultetet, og har lokasjon i Møllendalsveien 61 (Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst og Institutt for design) og i Nygård Skole (Griegakademiet - Institutt for musikk). Arbeidsstad vil kunne variere mellom dei to lokasjonane. Seksjonsleiar vil ha personalansvar for 9 årsverk i sin stab.
Seksjonsleiar er sentral i direktøren si leiargruppe og skal samarbeide tett med fagmiljø og andre funksjonar i fakultetsadministrasjonen. Seksjonsleiar rapporterer til fakultetsdirektør.
Arbeidsoppgåver:
Hovudfokus i stillinga vil vere å drifte og utvikle verkstadane i tett samarbeid med fagmiljø og dei fagansvarlege ved institutta.
- Ansvarleg for organisering og planlegging av drift, samt tilsyn ved maskinpark ved verkstadane.
- Legge til rette for utdanning, kunstnarleg utviklingsarbeid og vitskapleg forsking, i tett samarbeid med fagmiljøa.
- Pådrivar for miljø- og effektiviseringsarbeid.
- Sørge for at gjeldande HMS-regelverk vert følgt og sakshandsaming knytt til dette.
- Arealoppfølging.
- Iverksetting og oppfølging av prosedyrar og rutinar knytt til verkstadfunksjonar og infrastruktur ved fakultetet.
- Følgje opp strategi gjennom planarbeid, prosjektleiing, koordinering, utgreiings- og utviklingsoppgåver.
- Andre oppgåver kan bli pålagt stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha:
- Høgare relevant utdanning på masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensera for manglande formell utdanning.
- Strategisk og operativ leiarerfaring med personalansvar.
- Ein involverande og motiverande leiarstil prega av gode samarbeidsevner og dialog.
- Evne til å finne løysingar og skape engasjement.
- Kunne planlegge, prioritere og sikre gjennomføring i prosessar.
- Evne til å skape eit godt samspel på tvers av faglege og organisatoriske grenser.
- Gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg, i tillegg til engelsk.
- God økonomiforståing og IKT kompetanse.
I tillegg vil det bli lagt vekt på:
- Serviceinnstilling overfor studentar og fagmiljø.
- Interesse for kunstnarlege fag og kjennskap til kultursektoren.
- Kjennskap til offentleg forvalting og universitets- og høgskulesystemet.
Vi søkjer ein nytenkjande, resultat-/utviklingsorientert leiar med evne til heilskapleg og strategisk vurdering, som skal vere pådrivar i utviklinga av eit godt arbeidsmiljø for studentar og tilsette ved fakultetet. Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt, særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, initiativ, fleksibilitet og sjølvstende.
Vi tilbyr:
- Spennande leiarstilling og utviklande arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø.
- Medverknad til utvikling av nye måtar å organisere verkstader på i eit universitetsmiljø.
- Inspirerande arbeidsmiljø.
- Opplæring og moglegheit for leiarutvikling.
- Stilling som seksjonsleiar (kode 1211) i lønssteg 60 - 75 (for tida kr 532 300 - 704 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd) som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Fakultetsdirektør Synnøve Myhre: synnove.myhre@uib.no eller mobil 93484614.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for auka likestilling og legg vekt på kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om og resultat frå aktivt likestillings- og mangfaldsarbeid blir tillagt vekt ved rekruttering av leiarar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultetet og tilhøyrande institutt.
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Møllendalsveien 61, 5020 Bergen
- Bransje
- Forskning, utdanning og vitenskap,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Ledelse