Utløpt

Undervisningsinspektør

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Undervisningsinspektør Bryne skule, Time kommune
Frist
18.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Ved Bryne skule er det ledig fast stilling som undervisningsinspektør i 100% stilling frå 01.01.21. Du får vera med å leia ein skule som er oppteken av framgang i læring for alle elevar. Utviklingsområdet vårt er inkluderande læringsmiljø kor alle barn opplever fagleg og sosial meistring. Me har prosessar knytt til vår nye læreplan LK20 og ønskjer å ta i bruk handlingsrommet som ligg i denne. Me vil auke elevane sin motivasjon gjennom praktisk, relevant, utfordrande og variert undervisning. I dette arbeidet vil me bruka ulike læringsarenaer, der uteområdet og nærmiljøet skal vera aktivt i bruk.

Me har inngått partnarskapsavtale for praksisopplæring av lærarstudentar ved UIS. På denne måten sikrar me at me er oppdaterte på kva som skjer i lærarutdanninga, og me ser og dette som eit viktig tiltak for rekruttering av nye lærarar til skulen vår.

Du vil bli ein del av leiarteamet vårt saman med rektor, ass.rektor og ein undervisningsinspektør. Å vera leiar hos oss betyr at du får ansvar for å leia personalet si læring og utvikling for spesifikke trinn. For dette året er dette knytt til 5.-7. trinn. Stillinga omfattar 60% leiing og 40% undervisning, alt etter kva kompetanse du har.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg oppfølging og pedagogisk utviklingsarbeid på 5.-7. trinn.
  • Praktisera nærværsleiing (leiarvandring)
  • Timeplanar og ressursfordeling til trinna.
  • Ansvar for å skaffe og følgje opp vikarar.
  • Oppfølgingsansvar i forhold til overgang frå barneskule til ungdomsskule.
  • Du fungerer i praksis som avdelingsleiar for avdelinga di, men har ikkje personalansvar.

Leiarteamet vil fordela andre oppgåver seg i mellom på bakgrunn av kompetanse og erfaring i skulen.

Saman skal me skapa ein trygg og framtidsretta skule på Bryne.

Kvalifikasjonar

Me søkjer ein leiar som har:

  • Godkjent lærarutdanning minst 3 års undervisningserfaring i skulen.
  • Det er ønskjeleg med leiarerfaring og vidareutdanning i skuleleiing( eller med ønskje om å ta dette)
  • Utdanning eller god realkompetanse innan IKT-området, med særleg vekt på pedagogisk bruk av lærebrett i undervisninga.
  • Har gode norskkunnskaper både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein leiar som: 

  • Har eit inkluderande og positivt meneskesyn.
  • Evner å vera tydeleg, demokratisk og sjølvstendig, trygg og modig.
  • Har djup pedagogisk forståing og blikket retta mot skulen i framtida.
  • Evner å vera med på å utvikle profesjonsfellesskapet, samarbeid og kultur.

 

Me tilbyr


  • Eit leiarteam som er opptekne av å spela på lag og gjera kvarandre gode.
  • Eit kollegium som er opptekne av å finna løysingar saman.
  • Eit kollegium med god trivsel og mykje humor.
  • Eit kollegium med mangfald når det gjeld alder og kjønn.

Om arbeidsgiveren



"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Ola Barkvedsveg 16, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Inspektør

Nøkkelord

Undervisningsinspektør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Heidi Barvik
Stillingstittel
Rektor
Telefon
91 37 43 19
Følg firma
604 følger dette firmaet

Ola Barkvedsveg 16, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 192383863
Sist endret 12. okt. 2020 10:44

Rapporter annonse