Utløpt

Vil du vere med på laget? Vartdal Plast søkjer HR-sjef

Arbeidsgiver
Vartdal Plastindustri AS
Stillingstittel
HR-sjef
Frist
04.10.2020
Ansettelsesform
Fast

Vartdal Plast-konsernet er i sterk utvikling og har dei siste 10 åra vakse frå ein fabrikk til fem fabrikkar over heile landet. HR-sjef vil ha hovudansvar for HR/Personal/Lønn/HMS for Vartdal Plast-konsernet med Vartdal som base, og stillinga inngår i konsernet si leiargruppe. I Vartdal Plast-konsernet vil du få eit unikt høve til å utvikle HR- og lønnsområdet for konsernet.


Arbeidsoppgåver:

·        Ansvarleg for HR/Personal/Lønn/HMS-området i Vartdal Plast-konsernet.

·        Bistå leiarane i rekrutteringsprosessar, medarbeidaroppfølging, personalsaker, opplæring og lokale lønnsforhandlingar. 

·        Ansvarleg for overordna HMS og internkontroll knytt til lov og forskrifter innanfor HR/Personal/HMS-området.

·        Vidareutvikle samarbeidet med NAV, bedriftshelseteneste og andre eksterne støttespelarar. 

·        Hovudansvar for lønn frå A-Å.

·        Planlegge, drifte og sikre effektiv gjennomføring av lønnsproduksjon og utbetaling, i samarbeid med andre lønnsmedarbeidarar.

·        Pådrivar for vidareutvikling og automatisering av HR- og lønnsområdet.

 

Kvalifikasjonar:

·        Høgare utdanning.

·        Gode relasjonsskapande evner, samarbeidsorientert og glad i menneske.

·        Erfaring med HR og lønn frå større bedrifter, helst på konsernnivå.

·        Erfaring frå samarbeidsarenaer mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar (AMU, tillitsvald-ordning, o.l.).

·        Erfaring frå HMS-arbeid er ønskjeleg, men ikkje eit krav.

·        God kjennskap til regelverk knytt til lønn.

·        Evne til å jobbe systematisk og strukturert.

·        Initiativrik.

·        Generelt god systemforståing.

·        Erfaring frå Huldt & Lillevik og tempus er ein fordel.

·        Dokumentert relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.


Vi søkjer ein framoverlent og initiativrik person som arbeider sjølvstendig og blir motivert av å skape resultat. HR-sjef må vere engasjert, teamorientert, flink til å kommunisere, må ha gode samarbeidsevner og ha stor gjennomføringsevne.


Stillinga rapporterer til økonomidirektør.

Arbeidsstad Vartdal. Reising til våre avdelingar/fabrikker må ein rekne med.

Gode personalforsikringar.

Tiltreding snarast.

Om arbeidsgiveren

Vartdal Plastindustri AS er eit familieeigd selskap med hovudkontor på Vartdal i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Produksjonen skjer på Vartdal, Ualand, Hjelmeland, Biri og Bodø. Transportverksemda har logistikksenter i Sykkylven og på Vartdal. Bedrifta opererer innan fire forretningsområde – næringsmiddel, bygg, industri og transport. Konsernet har ei samla direkte omsetning på ca. 800 millionar, og klare ambisjonar om vidare vekst. Konsernet har rundt 200 tilsette og ein sterk bedriftskultur, prega av motivasjon, lojalitet, integritet og heilheit. Visjonen er “Kunden alltid først”. For meir informasjon om selskapet, sjå www.vartdalplast.no.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Lederkategori
Fagleder
Sted
Vartdalsstranda 1072, 6170 Vartdal
Bransje
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Industri og produksjon,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
HMS,
HR, personal og rekruttering

Nøkkelord

hr og rekruttering, lønn a-å, personal, hms, hr

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hans Gunnar Høyland
Stillingstittel
Økonomidirektør
Mobil
97 57 75 49
Følg firma
126 følger dette firmaet

Vartdalsstranda 1072, 6170 Vartdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 191935547
Sist endret 30. okt. 2020 16:12

Rapporter annonse