Utløpt

Avdelingsleiar - Heimetenester Eikelandsosen, gruppe 2 Eikelandsosen

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
16.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Heimesjukepleie er eit satsingsområde i kommunen der ein legg vekt på at innbyggjarar som ønskjer det skal få bu lenger i eigen heim. Tenestene er i ei spennande utvikling med kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi.

Vi har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 01.12.20

Avdelingsleiar skal, saman med næraste overordna som er einingsleiar, vera med å utvikle tenesta, bidra til felles kulturbygging og legge til rette for god intern organisering.

Avdelingsleiar er ein del av leiarteamet som skal drive internt innovasjons- og organisasjonsarbeid for å sikre likeverdige, gode og bærekraftige tenester.

Saman med leiarteamet har avdelingsleiar ansvar for effektiv og forsvarleg drift av tenestene i heile eininga. Dette gjeld mellom anna ved ferieavvikling, sjukdom og andre variasjonar gjennom året. Faglege og personlege eigenskapar er viktige for å lukkast.

Om interne søkjarar vert tilsett i stillinga kan det bli ledig anna stilling for sjukepleiar i Pleie og omsorg.

Arbeidsstad

Pleie og omsorg, Heimetenester Eikelandsosen, gruppe 2 Eikelandsosen

Arbeidsoppgåver

Ansvar for å planleggje og koordinere den daglege drifta etter gjeldande lov, reglar og avtaleverk, samt kommunen sine verdiar og målsetjingar.

Ansvar for dagleg drift innanfor gitt budsjett.

Personalansvar.

Samarbeid med andre i heimetenesta og pleie og omsorg, pårørande og øvrige samarbeidspartnarar.

Sikre at det vert gitt tenester som er fagleg og etisk forsvarlege.

Oppfølging av HMS-arbeid.

Bidra til kvalitetsutvikling.

Kvalifikasjonar

3-årig helse- eller sosialfagleg bachelorutdanning, fortrinnsvis sjukepleiar.

Norsk autorisasjon.

Ønskjeleg med leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing og rettleiing, samt erfaring med endring, omstillings-

og forbetringsarbeid.

Gode IKT-kunnskapar.

God kjennskap til og erfaring med aktuelt lov og avtaleverk.

Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" ( test i norsk - på høgare nivå)

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Eigenskapar

Faglege og personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi søkjer ein dyktig leiar som:

- er brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform.

- er tydeleg, fleksibel og engasjert.

- er positiv til endring og omstilling.

- skapar gode relasjonar internt og eksternt og har gode samarbeidsevner.

- inspirerer andre og bidrar til arbeidsglede.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit tverrfagleg og inspirerande arbeidsmiljø.

Gode høve til å vera med å påverke og utforme ei viktig og spanande teneste.

Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Støtte og fellesskap i eininga sitt leiarteam.

Vi ser fram til å høyra frå deg!

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
5649 Eikelandsosen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Sykepleier

Nøkkelord

personalansvar, lederutdanning, budsjettansvar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Edith Oma
Stillingstittel
einingsleiar
Mobil
90 03 55 40
Følg firma
488 følger dette firmaet

5649 Eikelandsosen

Annonseinformasjon

FINN-kode 191918820
Sist endret 30. okt. 2020 13:08

Rapporter annonse