Avdelingsleder
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Oslo
- Stillingstittel
- Avdelingsleder SV-info
- Frist
- 13.10.2020
- Ansettelsesform
- Fast
Vi har for tida ei ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar, ved SV-info, informasjonssenteret ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.
SV-info har ansvar for å gje studieinformasjon og å yte tenester til studentar og søkjarar knytt til Det samfunnsvitskaplege fakultet.
Avdelinga har i tillegg ansvar for sakshandsaming av studentsøknadar, studiestart, rekruttering, internasjonalisering, tilrettelegging av studiekvardagen, læringsmiljø og studieadministrative rutinar. Avdelinga sitt arbeid skjer i tett dialog med fakultetet sine institutt og andre einingar ved Universitetet i Oslo. SV-info har 4 fulltidstilsette, 6 deltidstilsette og ein faddersjef i deltidsstilling.
Arbeidsoppgåver
- Personal- og fagansvar for SV-info
- Ansvar for dagleg drift og strategisk utvikling av SV-info
- Ansvar for å utvikle og koordinere informasjonsarbeidet retta mot studentar og fakultetet sine studenttenester
- Saksførebuing og rådgjeving for leiinga og til fakultetet sine styringsorgan.
- Ansvar for Si fra-systemet ved fakultet og sakshandsaming av varsel frå studentar
- Utvikle og koordinere arbeidet med studiestart
Avdelingsleiar vil samarbeide tett med fakultetet sin studieleiar.
Kvalifikasjonskrav
- stillinga krev relevant utdanning frå universitet eller høgskole minimum tilsvarande mastergrad. Dokumentert relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet dersom søkjaren konkret kan dokumentere evne til å meistre oppgåver på det aktuelle nivået
- erfaring med studieadministrativt arbeid
- god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
Ønskeleg kompetanse/erfaring
- søkjarar med leiarerfaring, koordineringserfaring og god kjennskap til informasjonsarbeid vil bli føretrekt
- god kjennskap til UiO-arbeidsverktøy
- kjennskap til offentleg forvaltning
- kjennskap til lovverket som regulerer universitets- og høgskulesektoren
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
- har gode leiareigenskapar og evnar å delegere
- trivst å jobbe med mange ballar i lufta samstundes, har stort pågangsmot og gjennomføringsevne
- er analytisk, service- og utviklingsorientert
- evnar å motivere og skape eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- løn som stillingstittel kode 1407 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 605 500 og kr 679 000, avhengig av kompetanse og ansiennitet
- fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
- trening i arbeidstida
- god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse
Søknaden skal innehalde
- søknadsbrev
- CV
- Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)
Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.
Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.
I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift (http://www.uio.no/for-ansatte/arbeidsstotte/personal/ia/) vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillingens faglige innhold: Assisterende fakultetsdirektør Kari Pound Davies, e-post: k.m.p.davies@sv.uio.no, tlf: +47 91741835
Spørsmål om elektronisk søknad: Personalrådgiver Anders Haave, e-post: anders.haave@sv.uio.no, tlf: 94322350
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.
Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Moltke Moes vei 31, 0851 Oslo
- Bransje
- Forskning, utdanning og vitenskap,
- Offentlig administrasjon,
- Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- PR og informasjon,
- Rådgivning