Utløpt

Seksjonssjef etterretningsseksjonen i vareførselsdivisjonen

Arbeidsgiver
Tolletaten
Frist
05.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Tolletaten

Tolletaten er ein etat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. Etaten er i ferd med å ferdigstille ein omfattande omorganiseringsprosess. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.

Analyseavdelinga består av to seksjonar, éin i Bergen og éin i Oslo.Seksjonen i Bergen skal sikre divisjonen sitt fagansvar for informasjonsinnhenting og bidra til eit målretta førebyggjande arbeid innanfor vareførselsområdet. I samarbeid med brukardialogavdelinga skal seksjonen ha kontakt med andre myndigheiter og relevante aktørar i næringslivet for å kartleggje og samordne kunnskap om behov og tiltak i den førebyggjande verksemda.

Som seksjonsleiar vil du ha eit heilskapleg ansvar for å leie eininga i Bergen administrativt og fagleg. Seksjonen disponerer om lag åtte årsverk. Du rapporterer til avdelingsdirektøren i analyseavdelinga og inngår i leiargruppa i avdelinga.

 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • utvikle innhenting og bearbeiding av informasjon som metode i førebyggjande kontekst
  • bidra i arbeidet med brukarundersøkingar, både når det gjeld utarbeiding, resultatanalyse og forslag til tiltak
  • bruke etterretningsbaserte metodar for å bidra til at andre einingar i divisjonen har eit kunnskapsbasert grunnlag for rettleiing og førebyggjande arbeid 
  • ha fag-, personal- og resultatansvar

Undervisnings- og foredragsoppgåver inngår i stillinga, og du må rekne med at det blir litt reising.

 

Kvalifikasjonskrav:

  • bachelorgrad innanfor det relevante fagområdet. Bestått fordjupingsnivå på kompetansesenteret til tolletaten og svært god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelorgrad.
  • relevant leiarerfaring. Det er ein fordel om dette er innanfor fagområdet.

 

Det er ønskjeleg med:

  • erfaring frå arbeid med budsjett- og resultatansvar
  • gode samarbeidsevner
  • erfaring frå utviklings- og digitaliseringsarbeid

 

Leiarplakaten til Tolletaten kommuniserer leiingsprinsipp som er retningsgivande for leiarane våre. Som leiar i tolletaten er det nødvendig at du løftar blikket, er rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Vidare er det viktig at du har høg integritet og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø i tillegg til å vere mål-, resultat- og utviklingsorientert.

 

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • gode høve til utvikling i ein viktig samfunnsetat
  • lønn som seksjonssjef, kr 750 000-850 000. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida
  • arbeidsstad sentralt i Bergen

 

Vareførselsdivisjonen skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for næringslivet og privatpersonar. Divisjonen skal jobbe både med førebygging og kontroll for å sikre optimal etterleving. Vareførselsdivisjonen består av ein utviklingsstab, ein styringsstab og fem avdelingar: analyse-, brukardialog-, oppfølgings-, klassifiserings- og regelavdelinga.

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. Du må kunne sikkerheitsklarerast for hemmeleg og levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.           

 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn.  Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte divisjonsdirektør Ivar Sletten på tlf. 900 16 295. For meir info om å jobbe i Tolletaten, sjå toll.no/jobb.

Om arbeidsgiveren

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og vet hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2020 en samlet budsjettramme på 1,765 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
5004 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon,
Forsvar og militær,
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
Politi,
Vakt og sikkerhet

Nøkkelord

etterretning, toll, ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ivar Sletten
Stillingstittel
Divisjonsdirektør
Telefon
900 16 295
Følg firma
1504 følger dette firmaet

5004 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 191721455
Sist endret 16. sep. 2020 14:50

Rapporter annonse