Utløpt

Styrar Kleppe friluftsbarnehage

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Styrar
Frist
27.09.2020
Ansettelsesform
Fast
Klepp kommune:
I Klepp kommune skal me ha eit Blikk for alle . Me skal vise handlekraft og innsatsvilje og saman skal me få ting gjort. Me skal visa omsorg for kvarandre, og for miljøet kring oss. Ingenting er for oss viktigare enn generasjonane som kjem. Me skal våga å tenka stort og fritt saman.
 
Stillingsbeskriving:
Styrar i 100% fast stilling i Kleppe Friluftsbarnehage frå 01.01.2021. Stillinga er ei leiarstilling og vil ha hovudansvaret for drift av barnehagen.
Kleppe Friluftsbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg i Klepp sentrum. Barnehagen har plass til 90 barn.
 
Barnehagen er ein Marte Meo sertifisert barnehage. I arbeidet med barna legg dei vekt på gode mestringsopplevingar, aktiv bruk av digitale verktøy, friluftsliv. Det pedagogiske arbeidet vert lagt opp som teambaserte periodar ut frå overordna mål i planar.

Arbeidsoppgåver

Som styrar vil du ha det daglege ansvaret i barnehagen med ulike oppgåver og ansvarsområde.
Barnehagen har ein friluftsbarnehage profil og er ein Marte Meo barnehage og styrar må arbeida i tråd med dette.
* Barnehagefaglig leiing. 
* Fagleg innhald og retning.
* Pedagogisk utviklingsarbeid.
* Økonomiansvar.
* Personalansvar.
* Utvikle barnehagen i tråd med overordna nasjonale og lokale føringar.

Kvalifikasjonar

* Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse.
* Styrarutdanning, eller forplikte seg til å ta denne.
* Erfaring frå administrasjon og leiing av eit profesjonsfellesskap
* God arbeidskapasitet.
* God skriftlig og munnleg framstilling på begge målføre.
* Høg digital kompetanse.
* Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
* Kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.

Personlege eigenskapar

Vi søker etter ein leiar som:
* Identifiserer seg med kommunen sin visjon og verdiar.
* Er tydeleg, kompetent, open, påliteleg og samfunnsengasjert.
* Har evne til å ivareta og vidareutvikle barnehagen sin kultur, leike- og læringsmiljø.
* Er strukturert og systematisk både på kort og lang sikt i arbeid med å oppnå gode resultat.
* Som har evne til å kommunisere, samarbeide, lytte, rettleie, inspirere, motivere og sette tydeleg   retning.
* Er nytenkande, fleksibel og løysningsorientert.
* Bryr seg gjennom å vera synleg overfor barn, tilsette og foreldre og samstundes har evne til å få folk rundt seg til å trivast.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Fredheimsvegen 4, 4350 Kleppe
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Styrer

Nøkkelord

Leder,, Pedagog,, Kommunal, barnehage,, Førskulelærer,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Alvhild Aksnes
Stillingstittel
Barnehagesjef
Telefon
48 11 15 44
Følg firma
243 følger dette firmaet

Fredheimsvegen 4, 4350 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 191589672
Sist endret 15. sep. 2020 10:20

Rapporter annonse