Utløpt

Administrerande direktør for nytt nasjonalt marknadsselskap for fornybar energi

Arbeidsgiver
Nytt nasjonalt marknadsselskap for fornybar energi
Stillingstittel
Administrerande direktør
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Visindi AS

Administrerande direktør får ansvaret for å leie integrasjonen av Tussa-24, SFE Kraft og Tafjord Marked inn i eit nytt nasjonalt marknadsselskap for kraft. Du får ei viktig rolle i å byggje ein felles kultur på tvers av geografiske lokasjonar, og vidareutvikle dyktige og kompetente medarbeidarar. I tillegg til leiing, og evne til å drive organisasjonen framover, vil kombinasjonen av teknologisk innsikt og marknadsforståing vere sentral for å lykkast i den digitale utviklingsreisa selskapet skal gjennom.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:

  • Byggje ein ny nasjonal ambisiøs aktør basert på eit solid regionalt utgangspunkt og sterke eigarar
  • Bidra til at selskapet er i front på teknologi, kundeinformasjon, marknadsføring og sal
  • Byggje sterke og framoverlente fagmiljø og ein organisasjon med høg bevisstheit på trendar, marknader og kundebehov
  • Hente ut det felles potensialet som dei tre store lokale marknadsaktørane representerer i dag, der å utvikle god samhandling og byggje ein felles kultur vil vere sentral
  • Søkje relevante samarbeidspartnarar i den vidare utviklinga av selskapet sine produkt og tenester

Ønska kompetanse og bakgrunn:

  • Solid leiarerfaring og dokumenterte resultat frå kommersiell verksemd med stor kundebase, helst frå både B2C og B2B
  • Bakgrunn frå forretningsutvikling, teknologi og/eller digitalisering samt sal og merkevarebygging
  • Erfaring med endringsprosessar
  • Relevant høgare utdanning.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til Visindi ved partnar Patrick Gjønnes, 410 42 063, eller rådgjevar – research & analyse, Dorthea Vatn, 92 66 42 00.

Om arbeidsgiveren

Det nye marknadsselskapet for straum er etablert av energikonserna Tafjord, Tussa og SFE. Selskapet skal vere ein kundenær og innovativ energiaktør som tilbyr framtidsretta og berekraftige løysingar. Selskapet har allereie 100.000 kundar, og har som mål å bli blant dei fem største aktørane i Noreg innan 2025. Selskapet vil ha forretningskontor i Ålesund, Ørsta og på Sandane.

Sektor
Privat
Lederkategori
Direktør
Sted
6151 Ørsta
Bransje
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Patrick Gjønnes
Stillingstittel
Partner
Telefon
41 04 20 63
Kontaktperson
Dorthea Vatn
Stillingstittel
Research & Analysis
Telefon
92 66 42 00
Følg firma
4516 følger dette firmaet

6151 Ørsta

Annonseinformasjon

FINN-kode 190917506
Sist endret 9. sep. 2020 15:53

Rapporter annonse