Utløpt

Avdelingsleiar i akutten - ny avdeling

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Avdelingsleiar Heimly
Frist
23.09.2020
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

Motiverast du av å kunne hjelpa ungdom i kritiske øyeblikk i livet deres? Sørga for at dei får omsorg og varme, tryggleik og forutsigbarheit i timane, dagane og vekene som kjem? Vil du stå i front i arbeidet med å bygge opp ei ny avdeling for ungdom i krise?

Stavanger akuttsenter utvidar med ny avdeling, og har ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar. Avdelinga skal ligge på Madla, og vil ha plass til 4 ungdommar. Du vil ha ansvar for ca 25 fast tilsette miljøterapeutar og nattevakter som jobbar i ulike turnusordningar.  

Jobb ved Stavanger akuttsenter byr på spennande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi har eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga Fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling og rettleiing i eit godt arbeidsmiljø. Arbeidstidsordning er dagtid/ fleksitid. Litt kvelds- og helgearbeid, samt deltaking på overlapp om morgonen ved behov må påreknast.

Tiltreding etter avtale.


Arbeidsoppgåver/ansvarsområder

Avdelingsleiar har personal-, drift- og økonomiansvar for avdelinga og skal;

  • Bidra til utvikling av fagleg tenestetilbod og brukarane sine behov.
  • Sikra at stillingane i avdelinga er tilsett av kvalifisert personell og legga til rette for opplæring, teamsamansetning og oppfølging av drift og personale.
  • Bidra til å leggje til rette for gode prosessar/ god kommunikasjon, motivasjon og utvikling av eigne medarbeidarar og arbeidsmiljø.
  • Sikra at avdelinga si saksbehandling følgjer lovverk og rutiner innanfor gitte tidsfristar og oppsett tenestevei.
  • Sikra gjennomføring av avdelinga si møtevirksomhet/ struktur.
  • Rapportera til einingsleiar vedrørande vesentlege forhold ved avdelinga.

Kvalifikasjonar
  • Minimum 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning på tilsvarande nivå.
  • I tillegg er det ynskjeleg med minimum 15 studiepoeng innan administrasjon og leiing. Det kan verta aktuelt for arbeidsgjevar å be arbeidstakar tileigna seg dette.
  • Det er ynskjeleg med brei leiarerfaring frå fagfeltet barnevern - herunder gjennomføring av dagleg drift, planlegging, evaluering og beslutningar innanfor eige ansvarsområde.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, samt god kjennskap IKT verktøy.
  • Førarkort for personbil.

Kven søkjer vi?

Du har:

  • gode leiareigenskapar - herunder; gode analytiske evner, kompetanse på medarbeidarutvikling, resultatorientering, fleksibilitet og omstillingsevne - samd høg grad av sjøvstende, fleksibilitet, heilheitsoversikt og struktur 
  • evne til god kommunikasjon og samarbeid på eiga eining / senter, og i høve til eksterne samarbeidspartnarar. 
  • evne til å handtera akuttens natur med høgt tempo og ein kompleks, krevjande  kvardag  - og samtidig behalde evne til riktig prioritering og gjennomføring.

Vi tilbyr

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar p.t. kr 532 300 - 655 400 pr. år (ltr. 60-71). Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. Høgare løn kan verta vurdert ved spesielt kvalifiserte kandidatar.

  • Deltaking i Bufetat leiarskule.
  • Faste leiarsamlingar.
  • God opplæring, rettleiing og deltaking i senterets leiargruppe.
  • Treningsavtale og moglegheit til å trena ein time kvar veke i arbeidstida.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Generelle opplysninger
  • Inkludering og mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikke avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Politiattest vert kravd framlagt ved tiltredinga, jf. lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. 
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.
  • Vi gjer merksam på at arbeidstid og avdelingstilhøyrigheit kan endra seg knytt til senterets behov.

Kontaktinformasjon

Bernt Magne Egeland - Leiar Stavanger akuttsenter, tlf. 4661 9333 - bernt.magne.egeland@bufetat.no

Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit ev. intervju.


Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. 

Stavanger Akuttsenter tek imot ungdom plassert etter Lov om Barneverntenester §§4-6, 4-12 og 4-25 jf. 4-24. Vi har 3 institusjonsavdelingar med plass til totalt 12 ungdommar i alderen 13-18 år. Ungdommane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utgreiing og kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak. Senteret har 79 beredskapsheimar. Vi tar i mot ca. 350 barn i året.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Kompani Lingesvei 23, 4045 Hafrsfjord
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Ledelse,
Omsorg og sosialt arbeid
Følg firma
1931 følger dette firmaet

Kompani Lingesvei 23, 4045 Hafrsfjord

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 190874754
Sist endret 9. sep. 2020 09:46

Rapporter annonse