Utløpt

Barnevernleiar

Arbeidsgiver
Kvam herad
Stillingstittel
Barnevernleiar
Frist
20.09.2020
Ansettelsesform
Fast

Vil du bli med på laget og bli vår nye barnevernleiar? 

Me treng ein engasjert leiar som brenn for fagfeltet og har stort engasjement for å gje barn og unge i kommunen ein god oppvekst. 

Barnevernet i Kvam har ny organisering med leiar, assisterande leiar og fagansvarlege for mottak, tiltak og omsorg. Det er sju saksbehandlarar, ein miljøarbeidar og ein sekretær i avdelinga. Barnevernet er samlokaliserte med PPT, familiesenter, helsestasjon og skulehelseteneste og fysioterapiteneste for barn og unge i nye lokale ved rådhuset i Norheimsund.  Barnevernleiar skal saman med dei andre leiarane i oppveksteininga, utvikla og skapa heilskapleg og kvalitativt gode tenester til barn, unge og deira familiar.  Målet for tenesta er å vera ei velfungerande teneste i tråd med lov og forskrift, der brukarane er nøgde og tilsette trivs og opplever fagleg utvikling og meistring. I tenesta er det er stort fokus på eit godt fagleg barnevern, tverrfagleg samarbeid, fagleg rettleiing og kontinuerleg forbetringsarbeid.

Kvam har avtale med Bergen kommune om barnevernvakt. 

Arbeidsoppgåver

  • Drift av barneverntenesta etter lov om barneverntenester
  • Fag, personal og økonomiansvar
  • Bidra til god samhandlingskultur som sikrar barn og unge eit helskapleg tenestetilbod 
  • Byggja kultur for samarbeid og å gjera kvarandre gode
  • Tilretteleggja for at samarbeidspartar og andre har låg terksel for å ta kontakt med barneverntenesta
  • Evaluera og vidareutvikla den nye organiseringa saman med dei tilsette
  • Planleggja for rett bruk og deling av kompetanse
  • Gje fagleg rettleiing til tilsette
  • Fagleg mynde etter lov om barneverntenester
  • Internkontroll og kvalitetsforbetringsarbeid
  • Kvalitetssikring av rapportering og dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Bachelor eller master i barnevern eller sosialt arbeid, jurist eller anna relevant høgskule/universitetsutdanning
  • Det er ynskjeleg med leiarutdanning og leiarerfaring
  • Kompetanse/erfaring frå 1. linjetenesta i barnevernet
  • Rettleiingskomptetanse er ynskjeleg 
  • Godt kjennskap til det aktuelle lovverket

Personlege eigenskapar

  • Er ein tydeleg, raus og motiverande leiar som kan ta avgjerder
  • Har  evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
  • Har ei strukturert og ryddig arbeidsform og byggjer kultur for samarbeid

Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt ved tilsetjing 

Vi tilbyr

  • Inspirerande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i ei utviklingsorientert og framtidsretta barnevernsteneste.
  • Ei spennande leiarstilling i eit tverrfaglig leiarteam i Oppvekst
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Lønn etter avtale
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår 

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Om arbeidsgiveren

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt Statens pris for attraktiv stad . Her kan du oppleva bygda med bypuls , handlegate, strandveg og bystrand.  Les meir

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog

Nøkkelord

Barnevernleder, -, Leiarstilling, -, Hardanger

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Kloløck
Stillingstittel
Konst. barnevernleiar
Telefon
97 09 79 27
Kontaktperson
Astrid-Anett Steine
Stillingstittel
Oppvekstsjef
Telefon
99 42 86 06
Følg firma
50 følger dette firmaet

Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Annonseinformasjon

FINN-kode 190296327
Sist endret 4. sep. 2020 12:55

Rapporter annonse