Utløpt

Vil du vera leiar for ein ny, spanande og framtidsretta ungdomsskule?

Arbeidsgiver
Time Kommune
Stillingstittel
Rektor Vardheia ungdomsskule
Frist
20.09.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me søker etter rektor til Vardheia ungdomsskule, vår nye framtidsretta ungdomsskule som skal vera klar til å ta i mot 450 elevar i august 2021. Skulen er eit samarbeidsprosjekt mellom Time og Klepp kommune, og kommunane har 225 elevplassar kvar. Vardheia ungdomsskule er bygd for å vera i tråd med samfunnsutviklinga og innhald i ny læreplan. Den skal stimulera til aktive og skapande elevar i eit flott inne- og utemiljø.

Skulen er bygd for praktisk og skapande arbeid med kreative soner og  lokalitetar for ulike arbeidslivsfag med inspirasjon frå vidaregåande skule, samt eige kreaktivt rom for spelbasert læring. Skulen har ein læringslab der elevane kan samarbeida på tvers, låna bøker, jobba på digitale flater m.m. Frå læringslaben vert ein ført til ulike læringssoner for språkfag, realfag og humanistiske fag. Uteområdet har soner som stimulerer til ulike fysiske aktivitetar, og for læring på sosiale møteplassar. 

Me ser etter deg som er engasjert og har kompetanse om læring, samarbeid og utvikling. Du har analysekompetanse og strategiar for å kunna leia prosessar til det beste for elevane. Ditt fokus er på overordna nivå. Saman med assisterande rektor legg du til rette for prosessar og leiing av lærarane si læring og utvikling. Rektor er einingsleiar og har med det også personal og økonomiansvaret på skulen.

 Skulane i Time er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Vardheia ungdomsskule vil vera i leiarnettverket med Varhaug ungdomsskule, Frøyland ungdomsskule, Bore ungdomsskule og Gjesdal ungdomsskule. Time kommune har arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette

Skulen ligger sentralt på Bryne med gangavstand til offentleg transport.


Som rektor har du:

  • Ansvar for elevane sine læringsresultat og læringsmiljø
  • Ansvar for at skulen sitt samfunnsoppdrag vert innfridd
  • Ansvar for at skulen fungerer godt som organisasjon, og som del av overordna system
  • Ansvar for at det skjer utvikling og endring i takt med endringar internt og eksternt
  • Eit avklart forhold til eiga leiarrolle og leiarskap.

Kvalifikasjonar

Rektor skal vera ein fagperson med pedagogisk utdanning som har jobba mykje i skule. Me ser etter ein leiar med som er utviklingsorientert, har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og som har innsikt og forståing for administrative oppgåver som mellom anna økonomi, personaloppfølging og lovverk. Det er ønskeleg med erfaring frå ungdomsskule og at du har vidareutdanning i leiing, eller tek dette innan to år dersom du ikkje har dette som del av utdanninga. 

Personlege eigenskapar

  • Evna å leia strategisk, leia utviklings- og endringsprosessar og leiing av kompetanseutvikling
  • God fagkompetanse og legitimitet
  • Evna å bygga eit profesjonsfelleskap, samarbeid og kultur. Vera inspirator og konfliktløysar
  • Evna å vera tydeleg, demokratisk og sjølvstendig, trygg og modig.
  • Evna å tilpassa eige leiarskap til eigen personlegdom, eigne føresetnadar, styrkar og svakheiter

Me tilbyr

Ein unik moglegheit til å få bygga opp ein ny organisasjon med nye tilsette. Du vil frå januar til august vera med på avgjerdsler som skal tas i sluttføringa av bygget i tett samarbeid med skulesjef og  prosjektleiar, og gjennomføra prosess med tilsetting av assisterande rektor m.m. Jobben inneber gode utviklingsmoglegheiter i eit godt arbeidsmiljø. Du vil vera del av eit dyktig leiarkollegium i Time, og del av spennande leiarnettverk i Jærskulen. Det er tett kontakt med fagstab skule og nettverkssamarbeid som støtte og utvikling for deg som leiar. Det vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga.

Om arbeidsgiveren



"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

Rektor,, ungdomsskole,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Pamela Sudmann
Stillingstittel
Skulesjef, Time
Telefon
93 83 09 72
Kontaktperson
Jan Harald Forsmo
Stillingstittel
Skulesjef, Klepp
Telefon
46 94 42 73
Følg firma
605 følger dette firmaet

Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 190071226
Sist endret 9. sep. 2020 08:22

Rapporter annonse