Har du leiarerfaring frå bygg og anlegg? Spanande leiarutfordring i Tysvær kommune:
- Arbeidsgiver
- Tysvær Kommune - Teknisk
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar drift
- Frist
- 06.09.2020
- Ansettelsesform
- Fast
DINE ANSVARSOMRÅDE:
Overordna ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald innan fagområda bygg, inkludert reinhald, veg, vatn og avløp, grøntanlegg og idrettsanlegg
Byggja ei god leiargruppe, inspirera og driva personalleiing
Ansvar for budsjett, rekneskap og rapportering
Prosjekt- og planarbeid, til dømes vedlikehaldsplanar for bygg, veg og anlegg
Overordna ansvar for KOMTEK som mellom anna inneheld kommunen sitt kunderegister for vatn
Saksførebuing for politiske organ
DIN KOMPETANSE:
Du har relevant utdanning og arbeidserfaring innan bygg, veg eller vatn- og avløp
Du har leiarerfaring og trivst med personalleiing
Erfaring med driftsleiing og vedlikehald er ein fordel, men ikkje ein føresetnad
DINE PERSONLEGE EIGENSKAPER:
Du trivst med kompleksitet og kan gjera krevjande prioriteringar
Du har pågangsmot og toler høgt arbeidspress
Du er strukturert og god på planleggjing
Du kommuniserer på ein tillitsfull og motiverande måte
Du har god skriftleg framstillingsevne
Du har interesse for teknologi og kontinuerleg forbetring
Vi tek gjerne ein uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga. Ta kontakt med rådgjevar i Human, Odd Arild Sævik, på mobil 450 21 995.
Spørsmål kan også rettast til Teknisk sjef, Bjørn Bruaset, på mobil 915 80 227.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verte ført opp på søkjarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje vert teken omsyn til, vil søkjaren verte varsla om dette før offentleg søkjarliste vert laga.
Om arbeidsgiveren
Tysvær kommune har ca. 11.000 innbyggjarar, og er sentralt plassert på Haugalandet. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund. Tysvær kommune er kjend for sin flotte og vekslande natur. Mange fjordar riv opp landskapet og formar ei kystlinje på heile 220 km. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og med eit godt og desentralisert utbygd skule- og barnehagetilbod. Tysvær kommune har om lag 1250 tilsette i heil og deltidsstillingar. Våre medarbeidarverdiar er Raus, Open, Modig og Ansvarleg . Tysvær kommune sin visjon er Aktivitet og trivsel i Tysvær! Tysvær kommune er ein språknøytral kommune.
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Rådhusvegen 9, 5575 Aksdal
- Bransje
- Bygg og anlegg,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk
Nøkkelord
bygg, vedlikehold, drift, anlegg, ledelse
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Bjørn Bruaset
- Telefon
- 91 58 02 27
- Kontaktperson
- Odd Arild Sævik
- Telefon
- 45 02 19 95
Rådhusvegen 9, 5575 Aksdal