Utløpt

Rektor - Gol vidaregåande skule

Arbeidsgiver
Viken fylkeskommune
Stillingstittel
Rektor - Gol vidaregåande skule
Frist
02.09.2020
Ansettelsesform
Fast

Vil du vere med å utvikle den gode vikenskulen?

Gol vidaregåande skule har ledig stilling som rektor. Som rektor i Viken fylkeskommune har du god handlefridom innanfor gjeldande i lov- og avtaleverk. Opplæringa er av god kvalitet, og vi har høge ambisjonar på vegne av elevane og lærlingane våre. Stadig fleire oppnår fullført og greidd med godt resultat. 

Gol vidaregåande skule tilbyr opplæring innan dei studieførebuande utdanningsprogramma studiespesialisering, idrettsfag og musikk, dans, drama. I tillegg har kjem det yrkesfaglege utdanningsprogrammet restaurant og matfag. Skulen har og avdeling for særskild tilrettelagt opplæring, og har ansvaret for vaksenopplæringa i regionen. Skulen har i dag 365 elevplassar og om lag 60 tilsette.

   
Rektor er øvste leiar med hovudansvar for å utvikle skulen på tvers av avdelingane. Skuleleiinga er oppteken av medverknad og samhandling på alle nivå, og motiverer elevar og tilsette til å ha fokus på det som fungerer godt og dele dette. For å sikre eit godt samarbeid på skulen skal rektor legge til rette for kulturen for medverknad  som er heimla i HA og som Viken støttar. Ved Gol vidaregåande skule skal alle elevar oppleve eit læringsmiljø prega av tryggleik, inkludering og positive forventningar, slik at dei kan trivast og nå måla sine.

Ynskjeleg med oppstart 01.11.2020.

For meir informasjon om skulen, sjå heimeside: www.gol.vgs.no

Arbeidsoppgaver

  • skulen sin øvste leiar med resultat-, personal- og økonomiansvar
  • skulen sin pedagogiske leiar
  • utvikle skulen som en lærande organisasjon

Kvalifikasjoner

  • pedagogisk kompetanse
  • leiarerfaring frå vidaregåande opplæring er ynskjeleg
  • relevant høgare utdanning
  • erfaring frå leiing av endringsprosessar og strategiutvikling er ynskjeleg 
  • erfaring frå systematisk kvalitetsutviklingsarbeid er ynskjeleg 
  • god forståing for system- og økonomi
  • god skriftleg og muntleg kommunikasjonsevne på norsk
  • kunne vise til gode resultat frå skuleleiing

Personlige egenskaper

  • vera tydeleg som leiar og ha klare visjonar for læring i den framtidige skulen
  • evne til å setja klart definerte mål og arbeide strategisk for å nå desse
  • gode relasjonsferdigheiter og eit romsleg menneskesyn
  • evne til å skape tillit og engasjement
  • evne til å fremje samarbeid internt og eksternt
  • evne til å sjå løysingar
  • god gjennomføringsevne
  • trivast med å løyse fleire oppgåver samstundes
  • personleg eigna

Vi tilbyr

  • eit miljø prega av høg kompetanse hjå den største skuleeigaren innan vidaregåande opplæring i landet
  • gode pensjonsvilkår
  • løn etter avtale

Om arbeidsgiveren



Bli med på å utvikle Viken for våre innbyggjarar! Vi ynskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hjå oss møtast menneske med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape ein region som viser veg. 


Viken fylkeskommune vart oppretta 01.01.2020 og er ein stor arbeidsgjevar med over 11 000 tilsette og 1,2 millionar innbyggjarar. Vi har ansvar for viktige samfunnsoppgåver som vidaregåande opplæring, kollektivtransport og fylkesvegar, tannhelsetenester, regional planlegging, kultur og kulturminne.  Viken fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte i samsvar med krava til stillinga, til å søkje hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du treng det. For tilsetjing i skule og tannhelse er det krav om politiattest frå kandidatar som får tilbod om stilling. Dersom det går fram av søknaden din at du ynskjer at den ikkje skal offentleggjerast, gjer vi merksam om følgjande: Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om at den ikkje skal offentleggjerast. Søkjar vil få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Gymnasvegen 27, 3550 Gol
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

rektorgolvidaregåandeskule,, golvidaregåandeskulerektor,, rektorgolvgs,, golvgsrektor,, rektorvidaregåandeskulerektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lene Jensen
Stillingstittel
områdedirektør utdanning og kompetanse
Telefon
98 66 49 97
Følg firma
2601 følger dette firmaet

Gymnasvegen 27, 3550 Gol

Annonseinformasjon

FINN-kode 187962617
Sist endret 14. aug. 2020 09:46

Rapporter annonse