Utløpt

Fagseksjonsleiar (50%)

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Fagseksjonsleiar master i klinisk fysioterapi
Frist
23.08.2020
Ansettelsesform
Engasjement
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap,har ledig stilling som fagseksjonsleiar ved master i klinisk fysioterapi (50%). Åremål for perioden 01.09.2020 - 31.08.2024.

Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse og funksjon, har ledig 50% stilling som fagseksjonsleiar.

Stillinga som fagseksjonsleiar er på åremål og gjeld for perioden 01.09.2020 til 31.08.2024.

Fagseksjonsleiar vil ha ansvar for utdanning og fagmiljø knytt til master i klinisk fysioterapi.

Fagseksjonsleiar er ein del av leiinga ved Institutt for helse og funksjon, og har eit medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med fakultetet sine målsetjingar og strategi.

Arbeidsstaden er Campus Bergen.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:
  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor fagseksjonen sine område
  • Ansvar for dagleg drift av studium og utvikling av eit godt læringsmiljø
  • Personal- og HMS-ansvar for fagseksjonen sine tilsette
  • Sikre at studieplanane er i samsvar med fastsette krav og vidareutvikle kvalitet og relevans i studieprogramma
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagseksjonar og institutt 
  • Bidra til å utvikle forskingsbasert utdanning
  • Arbeide for internasjonalisering av utdanning og forsking
  • Systematisk kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av utdanningane og fylgje opp studentevalueringar og andre tilbakemeldingar med sikte på at studentane lukkast i utdanningane
  • Medverke til god rekruttering av studentar og tilsette
  • Bidra til å vidareutvikle relasjonane til samarbeidspartnarar knytt til fagseksjonen sine utdanningar og fagområde
  • Tilrettelegge for at tilsette deltek i forskingsgrupper på tvers av fagseksjonar og institutt
  • Ansvarleg for at fagseksjonen sine økonomiske råmer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av fagseksjonen sine ressursar

Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL eller fakultetet

 

Mynde

  • Mynde i stillinga er delegert frå instituttleiar, og fagseksjonsleiaren rapporterer til instituttleiar
  • Inngå i instituttet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med fakultetet sin strategi og målsetjingar

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare grads utdanning (master eller hovudfag) med relevans for stillinga, fortrinnsvis førstekompetanse
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor fagseksjonen sitt fagområde 
  • Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt

 

Generelle kompetansekrav

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • God pedagogisk kompetanse
  • Erfaring frå, og kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 

 

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings - og utviklingsorientering
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg, attestar og vitnemål, er lagt inn innan fristen. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.


Vi tilbyr:

Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling

Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som fagseksjonsleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473.

Medlemskap i Statens pensjonskasse, innskotet er 2% og blir trekt frå løna.


Generell informasjon:

Offentleglova tillet at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV. 


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

Dekan Randi Skår, tlf. 57 67 61 51 / 951 46 987.

Instituttleiar Bjørg Hafslund, 55 58 55 06/90071972


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be (https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: Innovasjon i offentlig sektor i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and Regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteteta.

 

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for helse og funksjon er vi om lag 60 tilsette og 580 studentar med studiestad i Bergen. Vi har bachelorutdanningar i ergoterapi, fysioterapi og radiografi. I tillegg har vi også masterstudium i klinisk fysioterapi med tre studieretningar og tverrfagleg internasjonalt studium i Healthy aging and rehabilitation. Frå hausten 2020 blir masterstudium i kunnskapsbasert praksis del av studietilbodet ved instituttet. Forsking og formidling knytt til desse fagområda og utdanningsforsking er ein viktig del av arbeidsoppgåvene våre.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
458 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 187749536
Sist endret 12. aug. 2020 00:00

Rapporter annonse