Inaktiv

Dagleg leiar for Bordgleder KF

Arbeidsgiver
Bordgleder KF, Kinn kommune
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
31.08.2020
Ansettelsesform
Fast

Bordgleder KF er eit kommunalt føretak i Florø som produserer og leverer mat til personar med behov for tilrettelegging i kvardagen, institusjonane i tidlegare Flora kommune og til 45 ferger langs kysten. Bordgleder er fullt ut eigd av og del av Kinn kommune. Dagleg leiar har ansvar for dagleg drift og rapporterer til styret i det kommunale føretaket. Dagleg leiar har hovudansvar for 11 tilsette og over 20 millionar kroner i årsomsetning. Kvar dag et om lag 500 menneske maten vi produserer.

Arbeidsoppgåver

I stillinga ligg ansvaret for den daglege leiinga og drifta av føretaket, at denne vert utført på ein god og effektiv måte i tråd med til ei kvar tid gjeldande reglar, føretaket sine vedtekter og dei vedtak som styret fattar. Dagleg leiar har ansvar for tilsetting, opplæring og oppfølging av personale. Dagleg leiar er sekretær for styret, førebur saker, rapporterer på drift og økonomi, og legg fram budsjett, økonomi og handlingsplan mv. Det er viktig med god økonomistyring og planlegging, og ein god dialog med våre kundar og med øvrige delar av den kommunale organisasjonen.

Kvalifikasjonar

Det er ønskeleg med relevant høgskule/universitetsutdanning. Utdanning og erfaring i leiing blir vektlagt, samt gode kunnskapar innan drift av kjøkken og forståing for matproduksjon. Kunnskap om politikk og politiske prosessar er viktig i eit føretak med styre utpeika av kommunestyret og som er ein del av kommunen. God forståing for føretaket sitt samfunnsmandat og for spenninga mellom kommunal og kommersiell verksemd. God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, og gode kommunikasjonsevner i møte med ulike kundegrupper. Evne til å lære seg nye dataprogram som er relevant for drifta. Med atterhald om at kommunestyret samtykker i det er vi i prosess med å finne ny lokalitet til kjøkkenet vårt, så erfaring med slike prosessar er ein fordel.

Personlege eigenskapar

Engasjert med sans for kvalitet, samfunnsbevisst og med gode leiareigenskapar. Vår nye daglege leiar er utviklingsorientert og ser moglegheiter for føretaket. Du må kunne takle stress og vere profesjonell. Du bør jobbe strukturert og målretta, ha gjennomføringskraft og evne til å prioritere. Du må dyrke teamet av tilsette, vere klar for å ta i eit tak i ein liten organisasjon - og like å hjelpe andre med å lukkast. Ein god leiar oppmuntrar til eit miljø med open og ærlig kommunikasjon. Som dagleg leiar forstår du det kommunale føretaket si rolle i kommunen, og korleis Bordgleder kan levere topp kvalitet til ulike kundegrupper. Mat er viktig for kvardagen til våre kundar, og som dagleg leiar er du engasjert i korleis vi kan vere eit positivt bidrag i kvardagen til desse.

Vi tilbyr

Konkurransedyktige betingelsar og løn etter avtale. KLP forsikring, god arbeidstid, og høg grad av involvering i selskapet si utvikling. Trygg og etablert arbeidsplass med kontinuitet og eit godt rykte hos våre kundar, små som store.

Arbeidsstad

Hans Blomgt 32

6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 04.01.2021

Søknadsfrist: 31.08.2020

Om arbeidsgiveren

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.

Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.200 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1600 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
6905 Florø
Bransje
Matvareproduksjon og -industri,
Storhusholdning og catering
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Mat og servering / Catering,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

leder, dagleg leiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jacob Nødseth
Stillingstittel
Styreleiar Bordgleder KF
Mobil
480 13 162
Følg firma
14 følger dette firmaet

6905 Florø

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 187655441
Sist endret 1. sep. 2020 00:04

Rapporter annonse