Utløpt

EIN AV SOGN OG FJORDANE MEST MEININGSFULLE JOBBAR ER LEDIG

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Einingsleiar
Frist
30.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
Sogn og Fjordane ungdomssenter

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms og familiedirektoratet som er underlagt Barne- og familiedepartementet. Bufetat, region vest femnar om Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen. Sogn og Fjordane ungdomssenter er eit omsorgstiltak og har avdelinga i Førde og på Nordfjordeid. Målgruppa er ungdomar i alderen 13-18 (20) år. Vi tek i mot ungdommar etter lov om barneverntenester § 4-4, 6 ledd og § 4-12. Sogn og Fjordane ungdomssenter skal gjennom traumebevisst omsorg og målstyrt miljøterapi etablere trygge omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling. Senteret har tre avdelingar: Bregnetunet 4 pl. og Meltunet 4 pl og Familieavdeling med 14 plassar.

https://bufdir.no/Barnevernsinstitusjoner/Sogn_og_Fjordane_ungdomssenter/


Om stillinga

For å meistre denne krevjande jobben vert kravd minimum treårig høgskuleutdanning innan barnevern/sosialfag, eller anna relevant utdanning på tilsvarende nivå. Du må ha leiarerfaring, og det er ein føremonn med arbeidserfaring frå barnevernsinstitusjon. Personlege eigenskaper, blant anna evne og vilje til å gjennomføre endring saman med dine medarbeidarar, vil bli tillagt avgjerende betydning. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode mogeligheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar. 


Arbeidsoppgåver/ansvarsområder 

*Leiar er fagleg, administrativt og økonomisk ansvarleg og har personalansvar

*Ansvar for fagleg drift, herunder fagutvikling, kompetanseheving/opplæring for personalet

*Kvalitetssikring av det faglege arbeidet, sørgje for god internkontroll på alle driftsområde, budsjett, rekneskap/økonomi, HMS

 *Ansvar for å oppretthalde og utvikle godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
  er skal du fylle inn arbeidsoppgaver/ansvarsområder


Kva for ein bakgrunn har du

Du må ha:

  • Minimum tre års utdanning frå høgskule/universitet, til dømes gjennomført bachelor-grad eller 180 stp. innan barnevern/sosialfag.
  • Minimum 15 stp innan leiiing og administrasjon. Det kan avtalast at påkravd tilleggsutdanning vert teke i løpet av første tenesteår i leiarstillinga.
  • Det vert kravd erfaring frå arbeid med ungdom i institusjon og leiarerfaring, gjerne med erfaring frå endringsprosessar. Interesse for kunnskapsbaserte tilnærmingar innanfor fagfeltet ungdom med samansette og særskilte omsorgsbehov.

Vi ønskjer at du har: 

  • Interesse for kunnskapsbaserte tilnærmingar innanfor fagfeltet ungdom med samansette og særskilte omsorgsbehov.
  • Kjennskap til utviklings- og behandlingsmetodar for målgruppa er ønskjeleg.
  • Generell metodisk og praktisk kunnskap om personalleiing, samt evne til å leie, motivere og utvikle egne ansatte.


 


Kven ser vi etter? 
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til å motivere sine medarbeidarar
  • Du har gjennomføringskraft
  • Du er tydeleg og trygg i leiarrolla, fleksibel med stor arbeidskapasitet 

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.


Vi tilbyr

Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ som 1493 leiar,  med løn p.t. kr 627 700 til kr 765 100 pr. år (ltr 69 - 78). Avlønning og stillingskode vert vurdert etter utdanning  Løn kan vurderast ved særlig kvalifiserte søkarar og erfaring. 

Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.


Generelle opplysningar

Bufetat ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og som utnyttar potensialet i befolkninga sine samla kompetansar. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss. Bufetat jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nytilsettingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CVen. Vi gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CVen kan bli brukt til registreringsformål.

Stillinga er for tida lagt til eininga sine lokale/avdelinga i Førde eller Nordfjoreid.

Politiattest vert krevd ved oppstart, jf. lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova) § 25.
 


Kontaktinformasjon

Idar Krumsvik, avdelingsdirektør, tlf 466 18 981

Sigrid Helleland, stabsdirektør tlf 466 18 947 

 

Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden

Vitnemål og attester med bekreftet stillingsstørrelse og varighet skal tas med ved et evt. intervju.

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg
har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Strandgaten 59, 5004 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Omsorg og sosialt arbeid

Nøkkelord

ledelse, barnevern, bufetat, personalansvar, økonomiansvar

Følg firma
4223 følger dette firmaet

Strandgaten 59, 5004 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 187584454
Sist endret 12. aug. 2020 07:54

Rapporter annonse