Utløpt

Universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Universitetsdirektør
Frist
16.08.2020
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Universitetsdirektør

Gjennom sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal UiB medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med på å skape framtida for samfunnet?

Vi tilbyr ei utfordrande og spanande toppleiarstilling ved ein av dei viktigaste institusjonane i landet.


Arbeidsoppgåver:

UiB søkjer ny universitetsdirektør

Vi søkjer etter ein samlande og tydeleg leiar med sterkt engasjement for kunnskap i samfunnet. Du har evna til å inspirere, lytte og byggje relasjonar på tvers i organisasjonen. Du er utviklingsorientert, samstundes som du er oppteken av å byggje vidare og skape kontinuitet.

Universitetet i Bergen har todelt leiing og universitetsdirektøren er den øvste leiaren for den samla administrative verksemda ved institusjonen. Universitetsdirektøren skal iverksetje og følgje opp vedtaka som universitetsstyret har gjort. Direktøren har ansvar for forvalting av økonomi og formue, for personalpolitikk, bygg og eigedom, for utøving av eigarskap i selskap der universitetet representerer staten og for å leggje til rette for samspel og dialog med fagleg leiing på alle nivå i organisasjonen. Universitetsdirektøren rapporterer til universitetsstyret og i einskilde saker til rektor.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Utdanning på masternivå eller tilsvarande
  • Erfaring frå leiing på toppnivå, gjerne frå kunnskapsinstitusjonar
  • Erfaring med internasjonal verksemd
  • Forståing for innovasjon, forsking og utdanning
  • Erfaring frå strategi- og organisasjonsutvikling
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Det vil bli lagt stor vekt på leiareigenskapar og personlege eigenskapar.


Vi tilbyr:
  • Åremålsstilling for seks år som direktør
  • Løn i tilsettingsperioden i høve til Statens leiarlønskontrakt
  • Ei leiarstilling innafor eit viktig samfunnsområde
  • Stimulerande og utfordrande arbeidskvardag ved ein viktig utdannings- og forskingsinstitusjon
  • Godt arbeidsmiljø med topp fagleg kompetanse og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gunstig pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan du få ved å kontakte Experis Executive ved seniorrådgivar Anette Hansen tlf. 900 80 079/ seniorrådgivar Marthe Tønder Borchgrevink tlf. 93 44 29 24 eller rektor ved UIB Dag Rune Olsen tlf. 930 85 881.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ein balansert alders- og kjønnssamansetting. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad skjer via Jobbnorge. Meir informasjon om tilsettingsprosessen finner du på nettsidene våre.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret. Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Museplass 1, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Museplass 1, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 187537125
Sist endret 10. aug. 2020 00:00

Rapporter annonse