Utløpt

Kommunedirektør

Arbeidsgiver
Suldal kommune
Stillingstittel
Kommunedirektør
Frist
31.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Mercuri Urval AS

Me søkjer ein nyskapande og samarbeidsorientert leiar som i godt samspel med politikarar, tilsette, tillitsvalde og lokalt næringsliv skal arbeida for vidare utvikling av lokalsamfunnet og gode tenester til innbyggjarane våre. Den nye kommunedirektøren er ein engasjert og inkluderande leiar som vert motivert av å skapa resultat og få til gode løysingar. Me ynskjer ein leiar som gler seg over medarbeidarar som lukkast, kommuniserer godt og er ein god relasjonsbyggjar.

Suldal er ein veldriven kommune med godt økonomisk handlingsrom og engasjerte innbyggjarar. Den nye kommunedirektøren vil ha ei pådrivarrolle for å vidareutvikla organisasjonen og gjera kommunen endå meir attraktiv for næringslivet og innbyggjarane.

Kjennskap til samspelet mellom politikk og administrasjon er ein føresetnad. Gode kandidatar har relevant høgare utdanning, økonomisk innsikt, relevant leiarerfaring og kjennskap til offentleg forvalting. Erfaring frå offentleg sektor vil vera ein fordel, men brei leiarerfaring frå privat sektor, kombinert med kjennskap til kommunale oppgåver, kan og vera ein god bakgrunn. Vår nye kommunedirektør er målretta, utviklingsorientert og kan visa til god erfaring i å leia endringsprosessar.

Me tilbyr stort handlingsrom og utfordrande oppgåver i ein kommune med dyktige tilsette. Løn etter avtale.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval v/Silje Bolset tlf 975 59 049 eller Tone B F Berthelsen tlf 975 59 040. Du kan og kontakta ordførar Gerd Helen Bø tlf 414 73 037.

Søk på stillinga snarast. All uformell kontakt med Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ynskjeleg og for oppdragsgjevar.

Det vert utarbeida offentleg søkjarliste. Det vert vist til offentleglova§ 25, andre ledd med omsyn til å verta unnateke off.søkjarliste.

Om arbeidsgiveren

Skattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar. Hjå oss er det god plass og ein fantastisk natur! I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter.

Me har gode lokalmiljø og koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv. Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst det nyopna Suldal Bad.
Kraftkommunen Suldal har eit godt og allsidig tenestetilbod, med 436 årsverk.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Eidsvegen 7, 4230 Sand
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Kontor og administrasjon,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

Nyskapande, Involverande, Handlekraftig

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tone B F Berthelsen
Telefon
975 59 040
Kontaktperson
Silje Bolset
Telefon
975 59 049
Følg firma
2053 følger dette firmaet

Eidsvegen 7, 4230 Sand

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 187187091
Sist endret 31. aug. 2020 13:51

Rapporter annonse