Utløpt

Brødrene Aa søkjer Avdelingsleiar rør

Arbeidsgiver
BRØDRENE AA AS
Stillingstittel
Avdelingsleiar rør
Frist
10.09.2020
Ansettelsesform
Fast

Vår verdikjede inneheld alle aktivitetar frå sal til ettermarknadstenester - inkludert produktutvikling og design, engineering, og produksjon av komplette fartøy. Vår suksess kan linkast til høg grad av omstillingsevne, for å levere i tråd med kundens ønske og forventning. 

Vi søkjer avdelingsleiar, som saman med eit team av dyktige fagfolk skal planlegge, leie og koordinere gjennomføring og leveranse av nybyggsprosjekt. 


Arbeidsoppgåver: 

  • Utvikle og leie røravdelinga i samsvar med overordna selskapsstrategi 
  • Planlegge og følgje opp arbeidet på avdelinga (bemanning, innkjøp) 
  • Sikre at arbeid blir utført i samsvar med etablerte selskapskrav (HMS/produksjonsprosedyrar) 
  • Sikre prosjektleveransane (kvalitet/tidsforbruk) 
  • Resultat- og budsjettansvar for avdelinga 
  • Personalansvar for medarbeidarar tilknytt avdelinga, oppfølging av innleigepersonell 
  • Forbetring og effektivisering, utarbeiding og oppdatering av rutinar 

 

Vi søkjer fortrinnsvis deg med solid erfaring frå liknande stilling. Stillinga krev høg grad av sjølvstende og du må evne å arbeide strukturert, systematisk og målretta. Samstundes krev stillinga gode samarbeidsevner i møte med dyktige fagfolk frå ulike disiplinar og miljø. Du har pågangsmot og likar ei utfordring, og du er ein motor som blir driven av eit ynskje om å skape gode resultat og sikre godt arbeidsmiljø. 

 

Kvalifikasjonar  

Fortrinnsvis teknisk utdanning, t.d. fagbrev/svennebrev i industrirøyrleggarfaget 

Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning  

Erfaring frå maritim bransje er ein fordel 

Om arbeidsgiveren

Brødrene Aa AS er lokalisert i Hyen i Sogn og Fjordane og har i dag ca. 200 tilsette. Verftet er leiande nasjonalt og internasjonalt på bygging av hurtiggåande fartøy i karbonfiber. Innovasjon og nytenking står sentralt i bedrifta og ein har dei siste åra utført store utviklingsprosjekt i forbindelse med nye båtkonsept, utstyrsutvikling på båtane og utvikling av komposittmateriale. Lågare vekt, lågare forbruk og lågare utslepp, i tillegg til prisvinnande design, kjenneteiknar våre fartøy.

Vår målsetting er å være ein føretrekt leverandør av passasjerbåtar i karbon, i ein internasjonal marknad.

Vårt omdømme er essensielt for å tiltrekke oss attraktive kundar, samarbeidspartnerar og andre viktige interessentar. Vår integritet oppnår vi gjennom våre tilsette sin kunnskap og kompetanse om materialar, teknologi, bærekraftige løysingar og design.

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Hyevegen 1775, 6829 Hyen
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Håndverker / Rørlegger,
Ingeniør / Rør/struktur,
Produksjon

Nøkkelord

ledelse, rørleggeryrket, resultatorientert, lagbygger, utviklingsprosesser

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Synne Oppheim
Stillingstittel
HR/HSEQ Manager
Mobil
913 44 720
Kontaktperson
Arnulf Aa
Stillingstittel
Produksjonssjef
Følg firma
30 følger dette firmaet

Hyevegen 1775, 6829 Hyen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 185064654
Sist endret 28. aug. 2020 13:04

Rapporter annonse