Utløpt

Kommunalsjef helse og omsorg

Arbeidsgiver
Skjåk kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef
Frist
31.08.2020
Ansettelsesform
Fast

Skjåk kommune søkjer kommunalsjef for tenesteområdet helse og omsorg frå januar 2021. Kommunalsjefen har ansvar for tenestene som pr. i dag gjeld helsetenester, psykisk helse, barnevern, NAV, sjukeheim, heimetenester, miljøarbeiderteneste og tildeling. 

Kommunalsjefen inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og representerer kommunedirektøren i politiske utval.

Oppgåver

  • Overordna fagleg og økonomisk ansvar for tenesteområdet
  • Tydeleg strategisk leiing med fokus på samspel, utvikling og innovasjon
  • Følgje opp politiske vedtak
  • Leggje til rette for strategisk kompetanseutvikling og rekruttering
  • Medverknad til styring av regionalt samarbeid


Kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring med dokumenterte resultat frå større og komplekse organisasjonar
  • Erfaring med omstillings- og utviklingsarbeid
  • Kunnskap om dei ulike tenestene i helse og omsorg
  • Forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon
  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God økonomiforståing


Personlege eigenskapar

  • Du er lyttande, målretta, strukturert og utviklingsorientert
  • Du er god på kommunikasjon og medverkar til eit godt og effektivt samarbeid innan kommunen og overfor eksterne aktørar
  • Du har stor arbeidskapasitet og er ein aktiv initiativtakar med stor gjennomføringskraft
  • Du er innovativ med eit stort engasjement som påverkar dine medarbeidarar i ei positiv retning
  • Du taklar press frå ulike interessegrupper og er trygg i mediehandtering
  • Du arbeider strategisk


Skjåk kommune kan tilby

  • Ein spennande jobb i ein utviklingsorientert organisasjon
  • Pensjonsordning KLP
  • Fleksibel arbeidstidsordning


Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunedirektør Ivar Bø 918 17 696 eller personalkonsulent Elin Bakke 997 56 690.


Søknadsfrist: 31. august 2020

  • Elektronisk søknadsskjema
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort


Kommunedirektøren

Om arbeidsgiveren

Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Moavegen 30, 2690 Skjåk
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Ledelse,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

ledelse, kommunalsjef, helse og omsorg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ivar Bø
Stillingstittel
Kommunedirektør
Mobil
918 17 696
Kontaktperson
Elin Bakke
Stillingstittel
Personalkonsulent
Mobil
997 56 690
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Moavegen 30, 2690 Skjåk

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 184768217
Sist endret 25. aug. 2020 10:36

Rapporter annonse