Utløpt

Vil du vere med å utvikle grunnskulen i Alver?

Arbeidsgiver
Alver kommune
Stillingstittel
Vi har ledig stilling som tenesteleiar for skule
Frist
16.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Avdeling

Kvar dag gjer våre medarbeidarar i skulane ein viktig innsats for at elevane skal oppleve læring, trivsel og meistring i sosiale fellesskap. Vi har etablert system for kvalitetsutvikling og kultur for læring, og er i prosess med å utarbeide strategiar for satsingar retta mot barn og unge i kommunen. Strategiane vil ha fokus på helsefremjande og inkluderande barnehage- og skulemiljø, tverrfagleg samarbeid, fagfornyinga, organsiasjonsutvikling og digitalisering.   

Vi søkjer tenesteleiar for grunnskule som vil vere med å realisere dette i samarbeid med våre kompetente og dyktige leiarar og medarbeidarar ved 22 grunnskular og ei avdeling for vaksenopplæring.

Tenesteleiar for grunnskule rapporterer til kommunalsjef for oppvekst, og er med i kommunalsjefen si leiargruppe saman med tenesteleiarar for barnehage, PPT, helsestasjon- og jordmortenesta samt barnevern.
 

Kort om stillinga 

Det er no ledig 100 % stilling som tenesteleiar for grunnskulane i Alver kommune.

Vi treng ein person som har gode leiareigenskapar og fagleg tyngde, som har skulefagleg utdanning på høgskulenivå med kompetanse, og erfaring og preferanse for skulefagleg utviklingsarbeid, leiing, innovasjon og endring.

Arbeidsoppgåver

Som tenesteleiar vil du ha følgjande arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg og strategisk ansvar (resultat, personal og økonomi) for tenesteområde grunnskule
  • Næraste leiar for rektorane ved grunnskulane og vaksenopplæringa
  • Følgje opp skulane gjennom etablert Kvalitetssystem i kommunen og ved dialog undervegs
  • Delta i politiske og administrative prosessar, samt følgje opp politiske vedtak
  • Planleggje, styre og gjennomføre utviklings- og omstillingsprosessar, i samarbeid med leiarar og stab oppvekst
  • Initiere og delta i tverrfagleg samarbeid og utviklingsprosjekt retta mot barn og unge
  • Sikre system og strukturar som er i samsvar med krav til internkontroll

Vi søkjer ein synleg, tydeleg og handlingsorientert leiar som fremjar utvikling, motivasjon, engasjement og samhandling både innafor eige tenesteområde og på tvers av tenesteområda. Vi er på jakt etter ein leiar som gjennom sine leiar- og relasjonelle eigenskaper bidrar til tillit både internt og eksternt, til kvalitet i opplæringstilbodet til elevane i kommmunen, eit godt arbeidsmiljø og eit tverrfagleg fokus i utviklingsarbeid. Det er ønskjeleg at tenesteleiar har grunnleggjande og framtidsretta digitale ferdigheiter.

Kompetansekrav

  • Skulefagleg utdanning (høgskule/universitet), med relevant vidareutdanning i leiing (helst på masternivå)
  • Relevant erfaring som leiar/tilsvarande stilling
  • God kjennskap til offentleg forvaltning/lov- og avtaleverk
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God kjennskap til nyare forsking, teori og utgreiingar innafor utdanningsfeltet
  • Resultatorientert med solid økonomiforståing

Vi tilbyr

Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.

Godt arbeidsmiljø og eit aktivt fagmiljø der du kan vere med å utvikle kommunen sine tenester.

Engasjerte og dyktige medarbeidarar.

Søknad

Send  søknad via vårt elektroniske søknadssystem.

Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga.

Om arbeidsgiveren

Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.

For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Ledelse

Nøkkelord

Skole, Leder, Utvikling, Kvalitet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Moe
Telefon
56 37 52 97
Følg firma
413 følger dette firmaet

Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 184425498
Sist endret 10. jul. 2020 12:12

Rapporter annonse