Utløpt

Meiningsfull jobb med det viktige overordna nettet i regionen

Arbeidsgiver
SFE Nett AS
Stillingstittel
Fagansvarleg regionalnett
Frist
15.08.2020
Ansettelsesform
Fast

Som medarbeidar i Sogn og Fjordane Energi har du jobb som gir meining. Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga.  

Eit robust straumnett er nødvendig for å frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Eit aukande behov for straum i framtida og mål om å bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi gjer straumnettet til ein kritisk infrastruktur for utvikling av samfunnet.

 Både utvinning av ny fornybar energi og ei aukande elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere våre utslepp.

 

Vi søkjer etter vår nye driftsingeniør regionalnett som skal inngå i teamet som drifter det viktige overordna nettet – sjølve ryggrada i straumforsyninga vår. Målet vårt er at du på sikt kan tiltre stillinga som:

Fagansvarleg regionalnett


Arbeidsoppgåver:

-         Fagansvar innan drift og vedlikehald av regionalnettanlegga våre

-         Ansvar for fagleg rapportering frå regionalnettanlegga

-         Delta i vidareutvikling av vår vedlikehaldsstrategi og implementere denne


Kvalifikasjonar:

-         Høgare utdanning, bachelor eller master innan elkraft eller automasjon

-         Erfaring med drift eller bygging av regional/sentralnettanlegg eller

kraftstasjonsanlegg


Personlege eigenskaper:

-         Gode evner til å jobbe både sjølvstendig og i team

-         Strukturert med god gjennomføringsevne

-         Påliteleg


Vi kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Godt fag- og arbeidsmiljø
  • Framtidsretta arbeidsstad
  • Gode og ordna arbeidsforhold og - vilkår


Oppmøtestad: Florø eller Sandane

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Lederkategori
Fagleder
Sted
Kyllervegen 6, 6906 Florø
Bransje
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Automasjon og instrument,
Ingeniør / Elektroingeniør

Nøkkelord

fagansvar, regionalnett, sentralnett, nettdrift, team

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristian Vassbotten
Stillingstittel
Avdelingleiar kraftsystem
Mobil
97 57 74 10
Følg firma
20 følger dette firmaet

Kyllervegen 6, 6906 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode 184340685
Sist endret 20. aug. 2020 14:28

Rapporter annonse