Utløpt

Er du oppteken av kystkultur, og vil vekke andre si interesse for den ?<br/><br/>Då kan dette vere stillinga for deg !

Arbeidsgiver
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Museumspedagog
Frist
18.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Kven ser vi etter ?

Vi søkjer etter ein engasjert og strukturert person til å utvikle og gjennomføre formidlingsoppgåver retta mot alle brukarar av museet. Det vert lagt vekt på god evne til samarbeid både intern og mot eksterne samarbeidspartar. Det er ei føremon om du har praksis frå formidling på museum.

Du må vere

  • God til å formidle
  • serviceinnstilt
  • ryddig og ansvarsbevisst
  • Engasjert
  • Strukturert
  • Iniativrik
  • Planleggande
  • Fleksibel i høve intensive arbeidsperiodar

Haldningar og verdiar

  • Opptre inkluderande
  • Vere open 
  • Raus
  • Samarbeidsorientert
  • Lojal

 


Arbeidsoppgåver
  • Vere aktiv i å vidareutvikle og styrke museet som arenaer for kunnskap og oppleving
  • Utarbeide formidlingsopplegg for ulike målgrupper (barnehagen, skule, vaksengrupper)
  • Gjennomføre omvisning og formidlingsopplegg til grupper og enkeltbesøkande
  • Delta og bidra ved arrangement i museet sin regi
  • Utarbeide tekst og artiklar i samband med utstillingar
  • Vere aktiv i faglege netteverk, både internt og eksternt
  • Profilere museet på dei ulike digitale plattformer
  • Innhaldsprodukson på digitale plattformer

Det kan verte noko arbeid på kveld og helg i samband med arrangement.


Kvalifikasjonar
  • Høgare utdanning i museumsrelevante fag, men også annan høgare utdanning kan verte vurdert
  • Erfaring med formidling innan kulturfeltet
  • Kunnskap og interesse for kystens kultur og historie
  • Ønskeleg med praksis frå museum
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Kva kan vi tilby
  • Moglegheit til fagleg utvikling i eit dynamisk arbeidsmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
  • Lønn etter avtale i henhold til Landsoverenskomsten for Museum (VIRKE)
  • Medlemskap i KLP med gode pensjonsvilkår
  • Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald
  • Fleksibel arbeidstid

Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn.


Om Kystmuseet

Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hovudbase i Florø med tre utstillingsbygg og stort kulturlandskap med antikvariske bygg. Utstillingane formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane. Her er stor båtsamling, gjenstandar frå bygd og by ved kysten, og ei utstilling om den moderne oljeverksemda.  Les meir om Kystmueet her (https://kyst.museum.no/)


Spørsmål om stillinga

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til Kjartan Aa Berge tlf. 414 46 439

Søkarlista er som eit ungangspunkt offentleg.

Søknad registreres via link på denne siden. CV, vitnemål og attester lastes opp under "Vedlegg".  

Ved spørsmål og utfylling av elektronisk søknadsskjema kan Jobbnorge kontaktast på tlf: 755 42 220 eller på kundeservice@jobbnorge.no på kvardagar mellom 08.00-16.00.


Generell informasjon

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane har nyleg gjennomført ein større omorganisering, noko som medfører at innhald i stillinga vil kunne endre seg etterkvart som ny organisering implementerast.  


Om arbeidsgiveren

 Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) består av 12 besøksstader fordelte på 7 kommunar i Sogn og Fjordane. Vi har museum innan kulturhistorie, kunst, reiseliv og kystkultur.

 

Organisasjonen har omlag 50 årsverk og vi omsette for 66 mkr i 2019. Administrasjonen ligg i dag på Sandane i Nordfjord. 

Les meir om Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane her

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Brendøyvegen, 6900 Florø
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Annet
Følg firma
66 følger dette firmaet

Brendøyvegen, 6900 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode 184252670
Sist endret 8. jul. 2020 14:59

Rapporter annonse