Utløpt

Vil du vere med å utvikle Musea i Sogn og Fjordane innan kunstfeltet? Då kan dette vere stillinga for deg

Arbeidsgiver
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Avdelingsdirektør kunst
Frist
31.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

Avdelingsdirektør Kunst er ei leiarstilling med ansvar for det samla kunstfeltet i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Avdelingsdirektør vil vere fagleg og administrativ leiar for kunstfeltet, og skal i sitt virke bidra til at Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane oppfyller sine mål og strategiar. Det vil derfor stillast høge krav til gode samarbeidsevner og evne til å tenke heilskapleg for å sikre vidare utvikling avstiftinga MiSF som organisasjon.

Stillinga vil vere eit viktig bindeledd mellom øverste leiing og dei ulike musea innanfor kunstfeltet. Kontorstad vil vere ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde.  Les om Sogn og Fjordane Kunstmuseum her (https://sfkm.no/)


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene til stillinga vil omfatte blant anna:

  • Administrativ leiing
  • Personalansvar 
  • Budsjettansvar 
  • Utvikling, organisering og drift av det kunstfaglege arbeidet i Musea i Sogn og Fjordane
  • Sørge for hensiktsmessig og god fordeling av oppgåver, ansvar og rutinar 
  • Vere del av leiargruppa i Musea i Sogn og Fjordane 
  • Utarbeide framlegg til planverk for si klynge (handlingsplan, kunstfaglegstrategi, skjøtselsplanar,utstillingaplanar etc.)
  • Sikre høg fagleg kvalitet på oppgåveløysing 
  • Sikre godt samarbeid på tvers av museumsarenaer og fag
  • Oppfølging av kunstsenterfunksjonen

Grunna ny organisering i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane vil det vere naturleg å evaluere og eventuelt justere innhald i stillingsinnstruks løpande etter kvart som ny organisasjonsmodell fell på plass under implementering som pågår i 2020/2021.


Kven ser vi etter ?

Vår nye avdelingsdirektør har relevant erfaring frå leiing i kunnskapsbaserte kompetansemiljø, og kan vise god forståing for vårt samfunnsoppdrag. Vi ser etter ein leiar som;

  • Har god organisasjonsforståing og har sterk gjennomføringsevne
  • Har leiarerfaring
  • Har økonomiforståing
  • Ein leiar som trivast med å jobbe fagleg og operativt, med fokus på leiing, utstilling, innhaldsproduksjon og formidling
  • Er veloverveid, planleggande og nytenkande
  • Er sosialt sikker, teamorientert og hensynsfull
  • Viser handlekraft, trivast med leiaransvar og blir motivert av å oppnå resultat gjennom andre
  • Brenn for formidlingsaspektet ved museets breie samfunnsoppdrag
  • Er omgjengeleg og har gode relasjonseigenskapar
  • Ser verdien av intern og ekstern nettverksbygging for å oppnå resultat og målsettingar
  • Bidreg til at dei tilsette blir integrert og får eit felles eigarskap til vårt samfunnsoppdrag og visjonar, både på kunstfeltet, men også for stiftinga som heilskap

Kvalifikasjonar
  • Masterutdanning eller høgare innan kunsthistorie eller relevant kunst/museumsfag
  • Relevant leiarerfaring med dokumenterte resultat   
  • Leiarerfaring (dokumentert) då spesifikt innan område som personalleiing, personal- og organisasjonsutvikling, økonomiforståing, arbeid med strategiplanar- og dokumentasjon
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå formidlingsarbeid ( lage utstilling, arbeide som formidlar,etc)
  • Sertifikat for bil
     

 


Vi kan tilby
  • Moglegheit til fagleg utvikling i eit dynamisk arbeidsmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
  • Lønn etter avtale i henhold til Landsoverenskomsten for Museum (VIRKE)
  • Medlemskap i KLP med gode pensjonsvilkår
  • Fleksibilitet
  • Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald

Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn


Spørsmål

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til Kjartan Aa Berge tlf. 414 46 439.

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

Søknad registreres via link på denne side. CV, vitnemål og attester lastast opp under "Vedlegg".  

Ved spørsmål om utfylling av elektronisk søknadsskjema kan Jobbnorge kontaktes på 755 42 220 eller kundeservice@jobbnorge.no på kvardagar mellom 08.00-16.00.


Generell informasjon

Siftinga Musea i Sogn og Fjordane har nyleg gjennomført ein større omorganisering, noko som medfører at innhald i stillinga vil kunne endre
seg etterkvart som ny organisering implementerast. Her vil Avdelingsdirektør Kunst få god anledning til å bidra på vegen for å sikre at innhald i, og utføring av stillinga vil verte mest mogleg hensiktsmessig og bidragsytande for å nå Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane sine
overordna målsettingar. Stillinga vil krevje noko reiseverksemd.
 


Om arbeidsgiveren

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) består av 12 besøksstader fordelte på 7 kommunar i Sogn og Fjordane. Vi har museum innan kulturhistorie, kunst, reiseliv og kystkultur.

Organisasjonen har omlag 50 årsverk og vi omsette for 66 mkr i 2019. Administrasjonen ligg i dag på Sandane i Nordfjord.

Les meir om stiftinga Musea i Sogn og Fjordane her

 

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Førde, 6800 Førde
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
Følg firma
66 følger dette firmaet

Førde, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 184232875
Sist endret 8. jul. 2020 16:38

Rapporter annonse