Utløpt

Leiar - elektro

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Leiar - elektro
Frist
16.08.2020
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.

Seksjonen Vedlikehald, drift og beredskap (VDB) har ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane, og å planleggje og følgje opp entreprenørar og økonomi innan tildelte midlar. Seksjonen har eit beredskapsansvar der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller rydde opp og opne vegar som er stengde grunna uvær, skred eller ?aum. Vi følgjer opp arbeidet til entreprenørar på drift og elektro. Vårt mål er å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane.

For å styrke seksjonen sin elektro-kompetanse søkjer vi no etter ein leiar til å leie vår nyoppretta elektro-eining. Med deg på laget vil du få 10-12 dyktige medarbeidarar. Kontorstad er anten Bergen eller Leikanger

Om stillinga

Som leiar vil du ha et overordna ansvar for utvikling og drift av elektro-eininga. Vi søkjer etter ein leiar som er bevisst i leiarrolla, og skaper team-kjensle og engasjement bland kollegaene. Du vil òg ha ein fagleiar-rolle i teamet, og må kunne bidra i elektrofaglege spørsmål og utfordringar. Til stillinga ligg det personal-, budsjett- og økonomiansvar. 

Vi kan tilby

Du blir ein del av sterkt tverrfagleg miljø der du blir ein del av leiargruppa på seksjonen. Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling. Vi er opptekne av å ha kollegaer som trivs saman i eit uformelt arbeidsmiljø. Slik får vi det beste ut av kvarandre og skaper engasjement. 

Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter en fagleg sterk profil med bachelor- eller mastergrad innan elektrofaget. Utdanningskravet kan fråvikast dersom du har sterk og allsidig praksis og gode personlege føresetnadar for stillinga. Det er ønskeleg at du har erfaring som leiar. 

Vi ønsker oss ein leiar med høge etiske standardar, og som er god på relasjonar. Du trivs med samarbeid då stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer og eksterne instansar. Ein del av tida di vil vere på ulike prosjekt / tilbodssynfaringar slik at førarkort kl. B er naudsynt. I denne stillinga er det òg naudsynt med sterke analytiske og strategiske evner. At du er ein god formidlar, skriftleg og munnleg, og kan bruke digitale flater er ein fordel. 

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte seksjonssjef Eivind Yttri; tlf. 90830854.

Anna informasjon

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
5254 Sandsli
Flere arbeidssteder
  • 5243 Fana
  • 6863 Leikanger
Bransje
Elektronikk,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Elektroingeniør

Nøkkelord

elektro,, infrastruktur,, veg,, samferdsle

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eivind Yttri
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
90 83 08 54
Følg firma
1047 følger dette firmaet

5254 Sandsli

Annonseinformasjon

FINN-kode 184156513
Sist endret 25. jul. 2020 10:33

Rapporter annonse