Utløpt

Kvinnherad Næringsservice søkjer næringslos / dagleg leiar!

Arbeidsgiver
Kvinnherad Næringsservice
Stillingstittel
Næringslos / Dagleg leiar
Frist
31.07.2020
Ansettelsesform
Fast

Vil du skape vekst og utvikling i Kvinnherad, og bidra til at Kvinnherad skal vera ein attraktivt stad å bu og flytte til?

Då bør du søkje på stillinga som næringslos / dagleg leiar i Kvinnherad Næringsservice. Søknadsfrist er 31.07.2020.

Kvinnherad Næringsservice jobbar for at næringslivet samla og medlemsbedriftene kvar for seg skal ha best mogleg vilkår for å utvikle seg på ein god måte. Dette gjer me blant anna ved å vera næringslivet sitt talerøyr overfor myndigheitene, støtte bedrifter med veiledning, søknadsprosessar, prosjekter og knoppskyting (bidra til at bedriftene får tak i flinke tilsette), samt gje bedrifter og tilsette fagleg påfyll og nettverk.


Jobben er allsidig, og du vil blant anna jobba med:

  • ?Leia og vidareutvikle selskapet for å skape vekst, og berekraftig utvikling i Kvinnherad.
  • Vidareutvikle og bygge relevante nettverk.
  • Å synleggjera bedrifter og jobbmoglegheiter for framtidige arbeidstakarar.
  • Tala næringslivet sine interesser ovanfor offentlege myndigheiter lokalt, regionalt og nasjonalt.
  • Leggja til rette for fagleg påfyll og nettverk for bedriftene, ved å arrangera kurs, bransje-, og fagtreff.
  • Delta, være sekretariat, og leia nyskaping- og utviklingsprosjekt.
  • Drifta og vidareutvikla organisasjonen.


Me søkjer ein person som:

  • Har gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg.
  • Har god forretningsforståing og gjerne erfaring næringsdrivande.
  • Med fordel har kjennskap til offentleg forvaltning og politiske prosessar.
  • Er handlekraftig og har god gjennomføringsevne.
  • Kan ha oversikt over og framdrift i mange ulike og parallelle prosjekt.
  • Er god på å tileigna seg ny kompetanse og møta nye problemstillingar.
  • Har gode samarbeidsevner og kan vera samlande blant ulike interesser.
  • Er engasjert, fleksibel og serviceinnstilt overfor næringsinteressene ein jobbar for.
  • Tar initiativ og jobbar sjølvstendig, i samarbeid med styret og næringslivet elles.
  • Erfaring med næringsutvikling.
  • God på å skape relasjonar og nettverk.
  • Målretta og samarbeidsorientert.


For den rette kandidaten vil ein kunne gje gode løns- og pensjonsvilkår.


For spørsmål om stillinga, ta kontakt med Eivind Torvik eller Hans Inge Myrvold. Kontaktinformasjon er å finna annan stad i annonsa.

Søknad vert å sende digitalt. Trykk på knappen "Søk her"!

Om arbeidsgiveren

Kvinnherad Næringsservice er ein organisasjon for og med næringslivet i Kvinnherad kommune med formål for å fremme næringslivet i Kvinnherad gjennom å bidra til etablering av nye og utvikling av eksisterande verksemder. KNS er ein medlemsstyrt samarbeidsarena og utfører tenester for kommunen og lokalt næringsliv.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Lederkategori
Leder
Sted
Stabburshaugen 5, 5460 Husnes
Bransje
Event og arrangementer,
Konsulent og rådgivning,
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Ledelse,
Prosjektledelse

Nøkkelord

ledelse, strategiutvikling, nettverksbygging, samfunnskontakt, interessepolitikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eivind Torvik
Stillingstittel
Styremedlem
Mobil
977 26 172
Kontaktperson
Hans Inge Myrvold
Stillingstittel
Ordførar Kvinnherad kommune
Mobil
480 25 277
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Stabburshaugen 5, 5460 Husnes

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 183150661
Sist endret 8. aug. 2020 21:56

Rapporter annonse