Utløpt

Vi søker ein avdelingsleiar for avdelingane farmasøytisk rådgjevingsteneste og publikum

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Vi søker ein avdelingsleiar for avdelingane farmasøytisk rådgjevingsteneste og publikum
Frist
16.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Helse Førde HF er hovudkunde der apoteket og har publikumsutsal. Dei om lag 20 tilsette i Førde er fordelt på fire avdelingar: publikumsekspedisjon, sjukehusekspedisjon, produksjon og farmasøytisk rådgjevingstenester.
Sjukehusapoteket i Førde søker avdelingsleiar for publikum og farmasøytisk rådgjevingsteneste. Stillinga har eit breitt fagleg verkefelt med fokus på pasientretta tenester og ansvar for tenesteleveransene til Helse Førde og andre institusjonar og publikumsdrift. Som avdelingsleiar vil du rapportere til sjukehusapotekar, inngå som medlem av leiargruppa til apoteket og være del av regional faggruppe i føretaket. Apoteket vil flytte inn i nytt areal som del av Nye Førde Sjukehus i 2022.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle avdelinga i tråd med mål, planar og kunden sine behov. I det ligg og fag- økonomi og personalansvar med særleg fokus på å kvalitetssikra rett legemiddelhandtering og -bruk.
  • Dialog med kundane
  • Du vil og jobbe med oppgåver for heile føretaket og med planlegging av flytting til Nye Førde Sjukehus
  • Delta i drift
  • Andre arbeidsoppgåver kan tilfalla 

Kvalifikasjonar

  • Høgare helsefagleg utdanning helst innan farmasi/klinisk farmasi, men vi oppfordrer også deg med anna helsefagleg bakgrunn å søkje
  • Erfaring frå apotek eller andre helseinstitusjonar og samarbeid på tvers av ulike fagmiljø
  • Tidligare leiererfaring er ein fordel
  • Du må meistre godt norsk, skriftleg og munnleg
  • Gode IKT kunnskapar 

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter deg som ser gleda og utfordringa ved å lede og motivera medarbeidarar, og som er stolte av yrke sitt
  • Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team samt vere løysingsorientert
  • Du er positiv og imøtekommande og bidreg til trivsel og godt arbeidsmiljø
  • Det vert gjort ein samla vurdering av eigenskapane til kandidaten, der personlege eigenskapar og motivasjon vert vekta høgt

Vi tilbyr

  • Fast stilling i eit stort, kompetent og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer 

Om arbeidsgiveren

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.


Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Bransje
Farmasi og legemiddel,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Farmasøyt

Nøkkelord

Avdelingsleder, Sykehusapotek, Klinisk, farmasi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ina Ottesen
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
41 28 34 97
Kontaktperson
Gunvor Steine Tufte
Stillingstittel
Sjukehusapoteker
Telefon
41 43 69 75
Følg firma
192 følger dette firmaet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 183072865
Sist endret 26. jun. 2020 09:40

Rapporter annonse