Utløpt

Rektor ved Høgskulen på Vestlandet

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Rektor
Frist
02.08.2020
Ansettelsesform
Engasjement
Ledig åremålsstilling som rektor ved Høgskulen på Vestlandet

 

Høgskulen på Vestlandet søkjer ein rektor med sterk motivasjon for å vidareutvikle høgskulen som ein viktig regional, nasjonal og internasjonal kunnskapsaktør. Rektor skal ha ei sentral rolle i det vidare arbeidet med å sikre at HVL er ein institusjon med høg kompetanse, der både studentar og tilsette har eit trygt, inkluderande og stimulerande fag- og arbeidsmiljø. HVL er ein organisasjon i utvikling, og det er viktig å arbeide vidare med ein felles organisasjonskultur. Samhandling med nærings- og samfunnsliv vil vere avgjerande i det strategiske arbeidet med å utvikle HVL i tråd med arbeidslivets framtidige kompetansebehov.

Strategi 2019-2023 for Høgskulen på Vestlandet legg vekt på at høgskulen skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil, der samspel, berekraft og nyskaping står sentralt, samstundes som høgskulen skal vere utfordrande, delande og tett på i alt arbeid. Rektor har ei avgjerande rolle i dette arbeidet, og må derfor vere synleg og tala høgskulen si sak i det offentlege ordskiftet.

Rektor har ansvaret for å leie den samla faglege og administrative verksemda ved høgskulen, innanfor dei rammene og pålegga som styret fastset. Rektor er ansvarleg overfor, og rapporterer til, høgskulestyret. Dette inneber også funksjonen som sekretær for styret, med ansvar for førebuing av styresaker og iverksetting av styrevedtak. 

Vi tilbyr ei spennande og krevjande leiarstilling i ein stor organisasjon, med utfordrande og varierte oppgåver. Stillinga gir høve til å vere med på å prege utviklinga i ein sektor i endring.


Kvalifikasjonskrav:

Vi ønskjer ein rektor som har:

  • Høg vitskapleg kompetanse, helst innanfor eitt av høgskulen sine fagområde
  • Kunnskap om UH-sektoren og forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • Solid leiarerfaring frå kunnskapsorganisasjon
  • God kjennskap til dei politiske prosessane som set rammevilkåra for UH-sektoren    
  • Gode strategiske evner og eit heilskapleg syn på verksemda
  • God økonomiforståing
  • God organisasjonsforståing og evne til å leie utviklinga av administrative og tekniske tenester tilpassa kjerneverksemda
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk eller anna skandinavisk språk, og engelsk

 

I vurderinga vil vi vektleggja følgjande personlege eigenskapar:

  • Ein motiverande og inkluderande leiarstil
  • Utviklingsfokus og strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge relasjonar internt og eksternt

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadane blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no (http://www.jobbnorge.no) når søknadsfristen går ut. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling

  • Høve for trening i arbeidstida

Løn etter avtale innanfor Statens lønsregulativ.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Rektor blir tilsett på åremål for 4 år frå 1.1.2021.

Stillinga har hovudarbeidsstad i Bergen. Tilsetting skjer etter reglane i Universitets- og høgskulelova og Statsansattelova. Vedtak om tilsetting blir gjort av høgskule­styret.

Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom slikt ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn, seksuell legning, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, arbeids- og livserfaring vert oppmoda om å søkje. 


Utfyllande opplysingar om stillinga kan du få ved å kontakte:

Experis Executive ved:

Anette Hansen tlf. 900 80 079 eller

Hege Solbakken tlf. 911 04 141

Høgskulen på Vestlandet ved:

Styreleiar Arvid Hallén tlf. 932 38 515

 


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be (https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier.

HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor
Følg firma
961 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 181104437
Sist endret 5. jun. 2020 17:24

Rapporter annonse