Utløpt

Er du interessert i ei spanande leiarstilling i Noregs vestlegaste by?

Arbeidsgiver
Musea i Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Museumsleiar
Frist
30.06.2020
Ansettelsesform
Fast
I Florø kan du oppleve småbyidyll, kort avstand til spektakulære og varierte naturopplevingar. Vi søker museumsleiar til Kystmuseet i Florø, kor du vil ha ansvaret for utvikling og drift av museet som formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane.

Om stillinga

Kystmuseet har ei større båtsamling, gjenstandar frå bygd og by ved kysten, samt ei permanent oljeutstilling der ein driv formidlingsaktivitet . Kystmuseet består av tre utstillingsbygg og eit stort uteområde med flott natur og gamle hus der ein driv formidling.

Arbeidsoppgåver

Du vil vere fagleg leiar for museet med hovudoppgåver rundt utvikling, planlegging, budsjettering, gjennomføring av utstilling og formidlingsarbeid, samt evaluering av publikumstilbodet til dei ulike målgruppene ved museet. Du vil samarbeid tett med avdelingsdirektør for dei kulturhistoriske musea i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane rundt utvikling av museet og oppfølging av personell. Du vil vere ein viktig ambassadør for museet internt og eksternt i lokalmiljøet, og bør derfor ha styrker innan kommunikasjon, samhandling og nettverksbygging, samt gode formidlingsevner.

Kven ser vi etter ?

Vår nye museumsleiar har relevant erfaring frå leiing i kunnskapsbaserte kompetansemiljø, og kan vise god forståing for vårt samfunnsoppdrag. Vi ser etter ein leiar som;

  • Har god organisasjonsforståing og har sterk gjennomføringsevne
  • Ein leiar som trivast med å jobbe fagleg og operativt, med fokus på leiing, utstilling, innhaldsproduksjon og formidling
  • Er veloverveid, planleggande og nytenkande
  • Er sosialt sikker, teamorientert og hensynsfull
  • Viser handlekraft, trivast med leiaransvar og blir motivert av å oppnå resultat gjennom andre
  • Brenn for formidlingsaspektet ved museets breie samfunnsoppdrag
  • Er omgjengeleg og har gode relasjonseigenskapar
  • Ser verdien av intern og ekstern nettverksbygging for å oppnå resultat og målsettingar
  • Bidreg til at dei tilsette blir integrert og får eit felles eigarskap til vårt samfunnsoppdrag og visjonar, både på Kystmuseet, men også for stiftinga som heilskap

Kvalifikasjonar

  • Minimum 5-årig høgare utdanning innan kulturhistorie eller relevante musemsfag (eventuell erfaring innan relevante områder kan kompensere for manglande utdanning)
  • Relevant leiarerfaring
  • Autorisasjon som konservator frå Norges Museumsforbund (Konservator NMF) er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Erfaring frå formidlings- og utstillingsarbeid er ein fordel

Vi kan tilby

  • Høve til fagleg utvikling i eit dynamisk arbeidsmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn etter avtale i henhold til Landsoverenskomsten for Museum (VIRKE)
  • Medlemskap i KLP med gode pensjonsvilkår
  • Gode velferdsordningar

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn.

Generell informasjon

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane har nyleg gjennomført ein større omorganisering, noko som medfører at innhald i stillinga vil kunne endre seg etterkvart som ny organisering implementerast. Vi er på utkikk etter nokon som kan starte snarleg, helst innan 01.10.2020.

Spørsmål om stillinga

For meir informasjon om stilling eller eventuelle spørsmål - ta kontakt med Kjartan Aa Berge, tlf: 414 46 439.

Søkarlista vil som utgangspunkt vere offentleg.

Søknad registrerast via link på denne sida. CV, vitnemål og attestar kan lastast opp under “Vedlegg”.

Ved spørsmål og utfylling av elektronisk søknadsskjema kan Jobbnorge kontaktast på tlf: 755 42 220 eller på kundeservice@jobbnorge.no på kvardagar mellom 08.00-16.00.

Om arbeidsgiveren

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane har hovedkontor på Sandane i Nordfjord, og har følgande avdelingar: De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Norsk Kvernsteinsenter og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Stiftinga har omlag 60 årsverk fordelt på dei ulike lokasjonane. Samlinga som Musea i Sogn og Fjordane forvaltar består av over 122.000 gjenstandar, mellom anna 144 båtar og 161 kulturhistoriske bygg med ei samla grunnflate på om lag 14.000 kvadratmeter.
Kort om Kystmuseet
Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hovudbase i Florø med tre utstillingsbygg og stort kulturlandskap med antikvariske bygg.

Utstillingane formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane. Her er stor båtsamling, gjenstandar frå bygd og by ved kysten, og ei utstilling om den moderne oljeverksemda der ein driv formidling. Museet forvaltar også Vågsberget handelstad og fleire bygg langs kysten.

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
BRENDØYVEGEN 18, 6900 Florø
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Annet,
Ledelse

Nøkkelord

museumsleiar, museumsleder, museum, utstilling, formidlingsarbeid

Følg firma
1250 følger dette firmaet

BRENDØYVEGEN 18, 6900 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode 180938534
Sist endret 4. jun. 2020 08:58

Rapporter annonse