Utløpt

Er du ein samlande leiar med erfaring frå kommunale helsetenester?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
Einingsleiar Luranetunet bu – og behandlingssenter
Frist
09.06.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MU AS

Vår nye einingsleiar vil saman med våre dyktige medarbeidarar sikre at  innbyggarane i Bjørnafjorden kommune får tenester av høg kvalitet ved bu – og behandlingssenteret. Gjennom synleg og trygg leiing, vil du leggje til rette for god samhandling på tvers av organisasjonen og ha fokus på å ta ut potensiale og bruke den høge kompetansen som er i eininga. Du vil sikre god dialog på alle nivå i organisasjonen og bidra til eit godt og utviklande arbeidsmiljø.  
Stillinga rapporterer til fagsjef for pleie og omsorg. Du vil og vere ein del av den utvida leiargruppa til kommunalsjef helse og velferd. 
 
Vi ønskjer ein strategisk, open og samlande leiar med høgare relevant utdanning. Dokumenterte gode resultat frå relevante leiarstillingar vil vektleggast. Vår nye einingsleiar må ha god kjennskap til helse- og omsorgssektoren i kommunar, i tillegg til god kunnskap innan økonimistyring. Vidare ser vi etter ein leiar med gode kommunikasjons - og samarbeidsevner som skaper tillit og gode relasjoner. Det er viktig at du arbeider systematisk og målretta og er lojal til styringskrav og beslutningsprosessar. Du er fleksibel og omstillingsdyktig og god til å sjå løysingar. Du har og ein god evne til å handtere krevjande situasjonar og er ikkje redd for å ta beslutningar. Erfaring frå endringsleiing vil vere viktig for å lukkast i denne rolla.  

Som leiar i Bjørnafjorden kommune må du kunne identifisere deg med kommunen sine grunnverdier: 

  • Vi lyttar med respekt! 
  • Vi finn smarte løysningar! 
  • Vi gjer det vi seier! 
  • Vi er inkluderande! 


Spørsmål om stillinga kan rettast  til Mercuri Urval ved Gro Reinertsen tlf.  975 59058 og Ane S. Grøndahl tlf. 975 59057, eller fagsjef for pleie og omsorg Gro Elisabeth Almås  tlf. 481 25 246

Søk på stillinga snarast, og seinast 09.06.2020. Alle førespurnader til Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ønskjeleg og overfor oppdragsgivar. 

Om arbeidsgiveren

Kommunane Os og Fusa er frå 01.01.2020 slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen har om lag 25?000 innbyggarar og er i sterk vekst. Vi legg til rette for det gode liv i Bjørnafjorden gjennom å lytte med respekt, finne smarte øysingar , inkludere og - ikkje minst – gjere det vi seier.
Luranetunet bu- og behandlingssenter tilbyr opphald på sjukeheim og rehabilitering til brukarar som treng pleie og omsorg heile døgnet over kortare eller lengre tid. Det er 11 avdelingar med 168 årsverk og 254 tilsette. Senteret ligg på Lurane i Os med utsyn over Bjørnafjorden og Osøyro.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
SOLSTRANDVEGEN 39, 5200 Os
Bransje
Offentlig administrasjon,
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi,
Helsepersonell

Nøkkelord

ledelse, økonomi, utvikling, samhandling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Reinertsen
Stillingstittel
Direktør
Telefon
97 55 90 58
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Ane S. Grøndahl
Stillingstittel
Konsulent
Telefon
97 55 90 57
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
2601 følger dette firmaet

SOLSTRANDVEGEN 39, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 178651730
Sist endret 10. jun. 2020 00:09

Rapporter annonse