VCA AS søkjer entusiastisk dagleg leiar
- Arbeidsgiver
- Volda Campus Arena AS
- Stillingstittel
- Dagleg leiar
- Frist
- 20.05.2020
- Ansettelsesform
- Engasjement
Fulltidsstilling (100%) i etableringsfasen over 2 år. Deretter må stillingsprosent og innhald vurderast opp mot endringar i behovet for VCA og eigarklubbane. Jobben som dagleg leiar blir i størst mogleg grad utført på dagtid mellom 08.00 – 16.00. Det blir likevel stilt avgjerande krav til fleksibilitet når det gjeld arbeidstid, då det vil vere oppgåver knytt til møter og aktivitet i hallen på kveldstid og i helgar. Innhaldet i stillinga kan bli påverka og utvikla gjennom kompetanse og initiativ frå den som blir tilsett. Den rette personen er ein resultatorientert person med god forretningsforståing, som i tillegg har interesse for å bidra til utvikling og tilrettelegging for idrettsmiljøet i regionen. Stillinga rapporterer direkte til styreleiar i VCA AS.
Arbeidsoppgåver
· Budsjettansvar opp mot driftsbudsjett
· Leigeavtalar – tilrettelegging, oppfølging og evaluering, samt leiar av brukarutvalet
· Sal, marknadsføring og organisering av eksterne arrangement i samarbeid med eigarklubbane, samt utleige av ledige lokale
· Innkjøps- og leverandøravtaler
· Oppfølging av tekniske fag/installasjonar – oppfølging av drift-og serviceavtalar
· Utarbeiding og oppfølging av rutinar; hallvertar, kiosk, reinhald, uteområder, vedlikehald, dokumentasjon og HMS
· Utarbeiding av langsiktige planar for vedlikehald og investeringar
· Dagleg informasjonsflyt overfor brukarane, tilsette og leverandørar
· Løpande oppfølging av drift og økonomi, med rapportering til styret
Før driftsfasen blir det lagt til rette for at vedkomande gjer seg godt kjent med bygget og brukarane, inngåtte leigeavtaler, samt inngåing av nødvendige drifts- og serviceavtalar med utvalgte leverandørar.
Eigenskaper
· Drifts- og forretningsforståing
· Utadvendt seljar med innsikt og forståing for merkevarebygging
· Gode samarbeidsevner, men må også kunne jobbe svært sjølvstendig
· Bidra til å skape positivt engasjement i idrettsmiljøet og relasjonsbygging
· Strukturert og ryddig
· Gode erfaringer med data og sosiale medier
· Innsikt og generell interesse for å bidra til utvikling av idrettsmiljøet
Vi kan tilby deg
· Eit unikt og spanande prosjekt
· Aktivt og entusiastisk klubb- og idrettsmiljø
· Fagleg utvikling gjennom å utvikle konsept og produkt
· Konkurransedyktige vilkår
· Fleksibel arbeidstid
Vi ønskjer at vår nye daglege leiar skal ta del i sluttføring av prosjektet og ønskjer derfor snarleg tiltreding.
Om arbeidsgiveren
Volda Campus Arena AS er eit selskap etablert i 2016 av Volda Handballklubb og KFUM Volda Volleyball med føremål om å bygge og drifte ny idrettshall i Volda, Volda Campus Sparebank 1 Arena.
Hallen har to speleflater for handball, to aktivitetshallar, fleirbruksrom, klatrehall, styrketrening- og spinningrom, ulike sosial rom, kafe, møterom etc. Der er også parkeringskjellar under heile anlegget med direkte adkomst til hallen. Samla areal er ca. 9000 m2. Prosjektet er planlagt for sambruk med framtidig symjehall.
Volda Campus Sparebank 1 Arena blir ein treffstad på kveld og i helgar for store delar av idrettsmiljøet i Volda-samfunnet i tillegg til fleire kulturaktivitetar heile året. På dagtid er aktivitetssalane i stor grad utleigd for elevar på barne- og ungdomsskulen, samt vidaregåande skule. Hallen vil også kunne bli utleigd til næringslivet og til ulike kulturarrangement.
Byggestart var juni 2019 med mål om oppstart og normal drift frå 1. desember 2020.
- Nettverk
- Sektor
- Privat
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Joplassvegen, 6100 Volda
- Bransje
- Eiendom,
- Idrett og trening,
- Organisasjoner
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon,
- Ledelse,
- Markedsfører
Nøkkelord
Volda, idrett, kultur, idrettshall, marknadsføring




Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Johnny Kragset
- Stillingstittel
- Styremedlem
- Mobil
- 975 15 940
- Kontaktperson
- Idar Flo
- Stillingstittel
- Styremedlem
- Mobil
- 957 62 762