Utløpt

Vil du vera med å skapa gode oppvekstvilkår i Sveio kommune?

Arbeidsgiver
Sveio Kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef skule, barnehage og kultur
Frist
13.05.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HUMAN AS

Som vår nye kommunalsjef får du ei sentral rolle i å skapa gode oppvekstvilkår i Sveio kommune. Kommunen har fem skular, tre kommunale og fem private barnehagar. I tillegg til dette har kommunen eit godt kulturtilbod med mellom anna kulturskule, bibliotek og Fartein Valen-festivalen. Det er til saman 193 tilsette i desse tenestene, fordelt på 165 årsverk.

Kommunalsjefen er ein del av rådmannen si leiargruppe og vil i det daglege leie kommunen sine einingsleiarar innanfor barnehage, skule og kultur.

Vår nye kommunalsjef har eit sterkt engasjement for heile oppvekst- og kulturområdet og har eit eige driv for å skapa best mogeleg kvalitet innanfor tenesteområda. Du må ha personleg og fagleg truverd, og vera i stand til å skapa felles engasjement og eigarskap til retning og målsetnader.

Saman med våre einingsleiarar vil du syta for at kommunen gjev det beste oppveksttilbodet ut frå ressursane vi har til rådvelde. Det er viktig at du er god på prioriteringar, ser moglegheiter og har teft for å finna løysingar.


DINE ANSVARSOMRÅDE:

Strategisk, pedagogisk og fagleg utvikling av tenesteområda
Saksførebuing og arbeid opp mot politiske organ
Overordna personal- og budsjettansvar for tenesteområda
Oppfølging av resultatkrav og målsetnader
Organisasjons- og medarbeidarutvikling
Deltaking i regionale fora og utviklingsnettverk


DIN KOMPETANSE:

Høgare utdanning, fortrinnsvis innan pedagogikk, gjerne med vidareutdanning innan leiing
Leiarerfaring innanfor relevant tenesteområde
Røynsle med fagleg og organisatorisk utviklingsarbeid
God innsikt og erfaring med økonomi og verksemdstyring
God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Du må kunna dokumentera skriftleg framstillingsevne


DINE PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

Du er tydeleg, god på å peika på retning og få andre med deg
Du er god på å skapa tillit og gode samarbeidsrelasjonar
Du har pågangsmot og er i stand til å gjera krevjande prioriteringar
Du må kunne tenke heilskapleg, strategisk og langsiktig


Vi tek gjerne ein uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga. Ta kontakt med vår rådgjevar i Human, Odd Arild Sævik, på mobil 450 21 995. Spørsmål kan også rettast til rådmann Jostein Førre på mobil 945 34 444.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på den offentlege søkarlista. Dersom ønskt reservasjon ikkje blir teken omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.

Om arbeidsgiveren

Sveio kommune er i vekst og ligg strategisk til i ein sterk region, mellom Haugesund og Stord. Kommunen ligg høgt på attraktivitetsbarometeret i Vestland. Kommunen har fokus på utvikling og er oppteken av at Sveio skal vera ein god kommune å bu i. Det er i overkant 5 700 innbyggarar i kommunen.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

skole, oppvekst, barnehage

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jostein Førre
Telefon
94 53 44 44
Kontaktperson
Odd Arild Sævik
Telefon
45 02 19 95
Følg firma
770 følger dette firmaet

Sveiogata 70, 5550 Sveio

Annonseinformasjon

FINN-kode 174964892
Sist endret 4. mai 2020 11:57

Rapporter annonse