Kommunedirektør Bygland kommune
- Arbeidsgiver
- Bygland kommune
- Stillingstittel
- Kommunedirektør
- Frist
- 06.05.2020
- Ansettelsesform
- Fast
Som kommunedirektør i Bygland vil du sørge for god styring slik at tenesteytinga er effektiv og serviceorientert. Du er bevisst rolla di og trivast i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon. Du har forståing for kommunal forvaltning, men like viktig er evne og vilje til å leia endrings- og utviklingsprosessar. Om du har erfaring frå eller kjennskap til næringslivet, er det ein føremon.
Vi ønskjer oss ein tydeleg og trygg leiar som skaper resultat gjennom samarbeid, involvering og tillit. Du gir ansvar og støttar opp slik at vi når dei målsettingane vi har sett oss føre. Du evnar å sjå eit stykke fram i tid, men forstår òg kva vi må gjere i dag for komme dit vi vil. Er du ein leiar med høg integritet som kan gi innhald og meining til verdiane våre; stolt, truverdig, løysingsorientert og lojal? Liker du å være på og ‘framme i skoa’ til beste for innbyggjarane i Bygland kommune? Da vil vi gjerne høyre frå deg!
ARBEIDSOPPGÅVER
- Vidareutvikle og tilpassa kommunen sine tenester i dialog med politisk leiing, innbyggjarane, medarbeidarane og organisasjonane deira
- Styre økonomi og drift på ein god og effektiv måte, som sikrar driftsbalanse og økonomisk handlingsrom
- Bidra til at vi til ei kvar tid har rett organisering og fagleg kompetanse som er tilpassa arbeidsoppgåvene
- Vere engasjert og proaktiv i samspelet med næringsaktørar og samarbeidspartnarar i regionen
- Styrke omdømmet vårt som ein attraktiv kommune for næringsutvikling, busetjing, oppvekst og turisme
KVALIFIKASJONAR
- Relevant høgare utdanning frå høgskole/universitet
- Kommunal forvaltningskompetanse/erfaring er ein føremon
- Juridisk og økonomisk kompetanse er ein føremon
- Relevant leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd med dokumenterte gode resultat
- Erfaring frå omstillings- og utviklingsarbeid
- Forståing for samfunns- og næringsutvikling og grensesnitta mellom politikk og administrasjon
VI SER ETTER DEG SOM ER:
- målretta og strukturert og gir ansvar – du oppnår resultat gjennom medarbeidarane dine
- orientert mot framtida – du evnar å ta strategiske val ut frå dette
- systematisk – du har god evne til å ta rette prioriteringar i forhold til tildelte rammer
- god på relasjonar og samspel – du lyttar og kommuniserer på ein måte som skaper tillit
- dyktig på ta avgjerder – du har god gjennomføringsevne
- god til å finne løysingar i fastlåste situasjonar – du tar tak når det trengs
- opptatt at vi skal ha et bra arbeidsmiljø – du bidrar med arbeidsiver og godt humør
- ei spennande stilling som toppleiar med moglegheiter til å påverke utviklinga av lokalsamfunnet og regionen
- samansette og meiningsfylte oppgåver
- eit godt og konstruktivt samarbeidsklima mellom folkevalde og administrasjonen
- løn etter avtale, gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fram til søknadsfristen vil alle førespurnader om stillinga bli handsama konfidensielt, om ynskjeleg òg overfor oppdragsgjevar.
Vil du vite meir som stillinga, er du velkomen til å kontakte våre rådgjevarar i Skagerak Consulting, Øyvind Drangsland tlf. 918 32 891, Anne Hilde Hals tlf. 982 13 005 eller ordførar Sigbjørn Fossdal tlf. 915 47 815.
Om arbeidsgiveren
Bygland kommune ligg midt i vakre Setesdal i Agder. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og 170 tilsette. Bygland byr på framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell og flotte turmoglegheiter i urørt natur, både sommar og vinter. Her er gode oppvekstvilkår, eit godt tenestetilbod og kommunen har fine bustadtomter. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplassar der kommunen sine verdiar ? stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal ? står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
- Nettverk
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Direktør
- Sted
- Sentrum 18, 4745 Bygland
- Bransje
- Økonomi og regnskap,
- Juridiske tjenester,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Ledelse,
- Jurist,
- Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi
Nøkkelord
Rådmann, Kommuneforvaltning, Næringsutvikling, Samfunnsutvikling, Toppleder
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Anne Hilde Hals
- Stillingstittel
- Seniorrådgjevar
- Telefon
- 98 21 30 05
- Kontaktperson
- Øyvind Drangsland
- Stillingstittel
- Partnar
- Telefon
- 91 83 28 91
Følg firma
2869 følger dette firmaet
Sentrum 18, 4745 Bygland