Utløpt

Luster Sparebank søkjer Banksjef

Arbeidsgiver
Luster Sparebank
Stillingstittel
Banksjef
Frist
15.03.2020
Ansettelsesform
Fast

Luster Sparebank er ein solid og offensiv bank. Banken er i vekst og har kundar over heile landet. Målsetjinga er å vere ein av dei leiande frittståande sparebankane i Sogn.


Noverande banksjef gjennom mange år går av med pensjon. Banken er difor på jakt etter ein etterfølgjar, som kan styrke og vidareutvikle Luster Sparebank sin posisjon i marknaden.


Banksjefen har det strategiske og operative ansvaret for å leie verksemda i høve til dei føresetnader og målsetjingar som styret i banken vedtek.

Luster Sparebank har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo.



Krav til kompetanse/erfaring:

  • Høgare utdanning innan relevant fagområde.
  • Relevant arbeidserfaring, helst innan områda økonomi og organisasjonsutvikling.
  • Leiarerfaring, og eit ynskje om å utvikle deg som leiar.
  • Sterkt kundefokus og god marknadsforståing.
  • Kjennskap til, og forståing for, banksektoren sine krav i høve til lover, forskrifter og reglar.


Personlege eigenskapar

  • Inspirerande og open leiarstil, stor arbeidskapasitet, relasjonsskapande personlegdom, med vekt på god samhandling.
  • Dyktig nettverksbyggjar.
  • Tydeleg leiar med god sosial forståing og som er til stades i organisasjonen.
  • Gode kommunikasjonsevner.
  • Gode strategiske evner, med sterk operativ gjennomføringsevne.

Me tilbyr:
  • Høve til å leie ein spanande og sjølvstendig bank, som er i posisjon for vidare utvikling og vekst.
  • Ambisiøst arbeidsmiljø med gode høve til personleg og fagleg utvikling.
  • Ein fleksibel bank med rask og kort veg til avgjerder.
  • Konkurransedyktige vilkår.

 

Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterarar,  
Sigrid Anette Førde på tlf 400 21 567.
Daniel Dvergsdal på tlf: 400 21 564. 

Søknaden vert handsama konfidensielt, også i høve til oppdragsgjevar dersom dette er ynskjeleg.
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.

Du kan og kontakte styreleiar Bjarne Venjum på tlf 907 24 759.


Om arbeidsgiveren

Luster Sparebank vart skipa i 1848.
Dei tre lokale sparebankane Hafslo Sparebank, Luster Sparebank og Jostedal Sparebank vart samla til ein bank i 1975.

Dei tre sparebankane var alle samfunnsinstitusjonar med stor nytteverdi i si samtid. Med kommunesamanslåing først på 1960-talet var det naturleg å tenkja ein kommune, ein bank. Det tok likevel litt tid å finna saman for dei tre bankane. Men sett i ettertid er det ikkje tvil om fornufta i å samla kreftene i ein bank for heile Luster kommune.

Luster Sparebank inngår i eit samarbeid med åtte andre sparebankar. Via “De samarbeidende sparebanker” (DSS), skal Luster sparebank sikre konkurranseevne gjennom auka og formalisert samarbeid som gjeld felles innkjøp og standardisering.

Gjennom eigarskap i Norne Securities, Frende Forsikring, Brage Finans og VIPPS har banken eit utvida produkttilbod til eigne kundar.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Lederkategori
Direktør
Sted
ØYAGATA 2, 6868 Gaupne
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Økonomi og regnskap,
Organisasjoner
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering,
Økonomi og regnskap,
Ledelse

Nøkkelord

Banksjef, Bank, Sjef, Leiar, Økonomi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigrid Anette Førde
Stillingstittel
Salssjef
Telefon
40 02 15 67
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Daniel Dvergsdal
Stillingstittel
Sal- og personalkonsulent
Telefon
40 02 15 64
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
286 følger dette firmaet

ØYAGATA 2, 6868 Gaupne

Annonseinformasjon

FINN-kode 170851940
Sist endret 18. feb. 2020 15:26

Rapporter annonse