Utløpt

Leiar for bemanningssentral

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
Leiar for bemanningssentral
Frist
06.03.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Har du lyst til å vere med å starte opp ny bemanningssentral i Bjørnafjorden kommune? Då er dette stillinga for deg! Som leiar får du ei spanande oppgåve med å bygge opp avdelinga, og mogelegheit til å påverke innhaldet i stillinga. 

Målet er at bemanningssentralen på sikt skal dekke behovet for ekstravakter i alle einingar i Bjørnafjorden kommune. I oppstartsfasen skal bemanningssentralen først og fremst dekke behovet for ekstravakter på Luranetunet bu- og behandlingssenter. Den første fasen vil vere ei pilotering, der etablering og utforming av bemanningssentralen står i fokus. I oppstartsfasen blir arbeidsplassen på Luranetunet, organisert under pleie og omsorg.

Arbeidsoppgåver
- utarbeide avtaler med organisasjonane
- utarbeide retningslinjer/rutinar for avdelinga
- personalansvar
- rekruttering
- utarbeide turnusar
- oppdekking av ledige vakter

Kvalifikasjonar
- Det er ein fordel med relevant helsefagleg høgskuleutdanning, men det er ikkje eit krav. Andre med relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert.
- Det er ein fordel med leiarerfaring
- Du må ha erfaring og kompetanse på utarbeiding av turnus
- Det er ønskjeleg med erfaring frå turnusprogrammet ressursstyring, eller tilsvarande - Kunnskap om relevant avtale- og lovverk
- Du er systematisk og har god oversikt

Vi legg vekt på personlege eigenskapar
- Du er ein god relasjonsbyggar
- Du er løysingsfokusert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar er eit krav.
- Du er nytenkande og endringsvillig.
- Du er trygg på deg sjølv og tåler å "stå i ein storm"

Vi tilbyr
- faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- arbeid i ei verksemd i utvikling, og moglegheit til å vere med å påverke.
- gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2 entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
TORGGATA 7, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

leiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Elisabeth Almås
Stillingstittel
fagsjef for pleie og omsorg
Telefon
48 12 52 46
Følg firma
483 følger dette firmaet

TORGGATA 7, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 170292194
Sist endret 13. feb. 2020 14:36

Rapporter annonse