Utløpt

Rektor Bryne kompetansesenter

Arbeidsgiver
Time Kommune
Stillingstittel
Rektor Bryne kompetansesenter
Frist
01.03.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me treng deg som vil vera med å utvikla Bryne kompetansesenter vidare. Du er god på utvikling og endringsleiing og har leiarerfaring frå skule og/eller vaksenopplæring. Det er ein fordel at du og har kunnskap og interesse for flyktningearbeid. 

Bryne kompetansesenter er eit vaksenopplæringssenter med tilbod som omhandlar; Grunnskule for vaksne og Norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Deltakarane på kompetansesenteret kjem frå kommunane Time, Klepp og Hå. Kommunestyra i Klepp og Time har gjort vedtak om å slå saman og etablera felles flyktningeteneste som del av kompetansesenteret i løpet av hausten 2020. Som rektor blir du øvste leiar for vaksenopplæringa og flyktningetenesta. Eit tettare samarbeid mellom vaksenopplæringa og flyktningetenesta vil vera med på å styrka flyktningar si kvalifisering til arbeid eller vidare utdanning.   

Bryne kompetansesenter er med i eit nasjonalt forsøk med tittelen Forberedene voksenopplæring med intensjon om  at deltakarane skal kunna ha raskare overgang til vidare utdanning og arbeidsliv. Det er utarbeidd forsøkslæreplanar som er tilpassa vaksne innvandrarar, og gjer det mogleg for deltakarane å få norsk språkopplæring og undervisning i grunnskulefag samstundes. Dette betyr at deltakarar kan få opplæring som høyrer inn under både opplæringslova og introduksjonslova.

Bryne kompetansesenter ligg sentralt til i Bryne sentrum med kort gåavstand frå kollektivtransport som buss og tog. 

Arbeidsoppgåver

  • Leia eit senter som er i utvikling og del av eit nasjonalt forsøk
  • Sikra god samhandling og deling på tvers av avdelingane på senteret
  • Samarbeida på tvers av tenesteområde, med andre kommunar, frivillige og privat næringsliv
  • Ha ansvar for deltakarane sine læringsresultat og kvalifisering
  • Sørgja for at senteret sitt samfunnsoppdrag vert innfridd
  • Ha ansvar for at senteret fungerer godt som organisasjon, og som del av overordna system
  • Sørgja for at det skjer utvikling og endring i takt med endringer internt og eksternt.
  • Leia personalet si læring og utvikling.
  • Personal og økonomiansvar 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare pedagogisk utdanning og leiarerfaring
  • Erfaring frå pedagogisk utviklingsarbeid og skuleutvikling
  • Erfaring med administrative oppgåver som mellom anna økonomi og personaloppfølging 
  • Evna til å tenkja heilskapleg for området som er med på å fremma inkludering

Personlege eigenskapar

  • Evna å leia strategisk, leia utviklings- og endringsprosessar og leiing av kompetanseutvikling
  • Tilstrekkeleg god fagkompetanse og legitimitet
  • Evna å bygga eit profesjonsfelleskap, samarbeid og kultur. Vera inspirator og konfliktløysar
  • Evna å vera tydeleg, demokratisk og sjølvstendig, trygg og modig.
  • Evna å tilpassa eige leiarskap til eigen personlegdom, eigne forutsetningar og styrkar og svakheiter
  • Du har mot til å meina og du kan leia eit motivert kollegium vidare

Vi tilbyr

Ein utfordrande jobb med gode utviklingsmuligheiter i eit godt arbeidsmiljø. Du vil bli del av eit dyktig leiarkollegium i Time, deltek i leiarsamlingar for skule og er del av utvikling på fagfeltet med andre vaksenopplæringssenter i Rogaland. Det er tett kontakt med fagstab skule som støtte og utvikling for deg som leiar

Om arbeidsgiveren



"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


 


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.


Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Torkel Maulands veg 2, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Voksenopplæring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Pamela Sudmann
Stillingstittel
Skulesjef
Telefon
93 83 09 72
Følg firma
605 følger dette firmaet

Torkel Maulands veg 2, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 169871159
Sist endret 7. feb. 2020 15:01

Rapporter annonse