Utløpt

Arbeidsleiar reinhald

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Arbeidsleiar reinhald
Frist
01.03.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.

Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane, og har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, nedvask (hovudreinhald), smittevask og produksjon av reine senger.

Ved å søkje arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Hospitaldrift Reinhald har ledig stilling som arbeidsleiar, for tida med arbeidsplass ved seksjon Ytre område.

Arbeidsoppgåver

  • Driftsansvar for personalgruppe og område
  • Ansvar for personal-oppfølging, som sjukeoppfølging, medarbeidarsamtalar, osv  
  • Oppfølging og planlegging av den daglege drifta
  • Opplæring og rettleiing i reinhaldsarbeidet. Herunder instruere i forhold til Sikkerheitsinstruks, nøklar og ID-kort
  • Opplæring og oppfølging i høve til IK-mat - forskrifta 
  • Gjennomføre og delta i kvalitetskontrollar
  • Ansvar for utlevering av forbruksartiklar, tøy og maskinar
  • Dagleg kundekontakt
  • Ivareta eininga sine mål

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein person med interesse for og erfaring frå reinhaldsfaget
  • Erfaring frå leiing, gjerne innanfor reinhald
  • Kunnskap om sjukehusreinhald og hygiene
  • Gode datakunnskapar
  • Det vil bli stilt krav til gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Økonomisk forståing
  • Kjennskap til IK-mat

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer at søkjar skal vere utadvendt og serviceinnstilt
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Kunne jobbe sjølvstendig og målretta
  • Ha evne til å jobbe strukturert og effektivt i eit til tider travelt miljø
  • Kunne jobbe med eit fysisk krevjande arbeid
  • Vere fleksibel og endringsvillig  

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Arbeidstid: Hovudsakleg 07.00 - 15.00 måndag til fredag
  • Arbeid i helg og kveld kan bli aktuelt
  • Kurs- og utviklingsmoglegheiter
  • Bedriftsidrettslag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåver
  • Ein veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Renhold

Nøkkelord

Abeidsleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Katrine Lefdalsnes Hovden
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
55 97 21 05
Kontaktperson
Vibecke H Engesæth Nilsen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
46 83 83 92
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 169860124
Sist endret 7. feb. 2020 12:56

Rapporter annonse