Utløpt

Ønskjer du å vere med å utvikle og drive ei ny spektakulær DNT Hytte?

Arbeidsgiver
Den Norske Turistforening
Stillingstittel
Vertskap på Tungestølen Turisthytte
Frist
28.02.2020
Ansettelsesform
Selvstendig næringsdrivende

Ønskjer du å vere med å utvikle og drive ei ny spektakulær DNT Hytte?

Luster Turlag søker etter vertskap på Tungestølen Turisthytte. Det blir oppstart i mai og opning av hytta i byrjinga av juni 2020. Vi søker deg/dykk som vil gi våre hyttegjester gode opplevingar i ein storslått natur, og som ønskjer å utvikle ei ny og spektakulær DNT-hytte.

Nye Tungestølen Turisthytte blei opna hausten 2019. Det er ei DNT-hytte som tilbyr frukost, lunsj og middag både for dagsbesøkande og dei som ønskjer å overnatte. Det er køyreveg fram til hytta – 5,5 km frå Veitastrond, og hytta er tilrettelagt for rørslehemma.

Tungestølen Turisthytte består av Felleshuset, Servicehuset, Soveselet og ei Småhytte. Matsalen i Felleshuset har kapasitet til 50 personar, og i tillegg er det ei peisestove med fleire sitteplassar. I Soveselet er det 21 sengeplassar i 4 høgder. Småhytta har plass til 4 - 6 personar i køysenger. Servicehuset er utrusta med dusj, toalett og tørkerom.

 

Vi ønskjer at vertskapet vårt

-          er opptekne av god service og godt mattilbod

-          er initiativrike, kreative og evnar å skape nye aktivitetar

-          trivst med menneske kring seg

-          beherskar dagleg drift av tekniske anlegg på turisthytta

-          har erfaring frå drift av turisthytter, reiseliv mv.

-          har evne og vilje til å stå på i periodar med mange gjester

DNT er opptekne av eit godt mattilbod på hyttene, basert på lokale råvarer og mattradisjonar. Erfaring med eller engasjement for utvikling av eit godt mattilbod, vil telje svært positivt. Lokalkunnskap er ikkje eit krav, men vil bli vektlagt saman med andre kvalifikasjonar. Den som blir vertskap på Tungestølen må etablere eige driftsselskap. 

Luster Turlag eig og driv Tungestølen Turisthytte. I oppstarten får vi hjelp frå DNT Oslo og Omegn, som har lang erfaring med å drive betjente turisthytter. Ressursar frå DNT Oslo og Omegn vil vere med i prosessen med tilsetting av vertskap og etablering av driftsopplegg for Tungestølen.

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte Bjarne Venjum, tlf 907 24 759 i Luster Turlag eller Eirik Bergvoll i DNT Oslo og Omegn, tlf 920 82 068.

Søknadsfrist 28. februar 2020

Sjå også www.dntoslo.no eller  https://www.facebook.com/www.nyetungestolen.no

Om arbeidsgiveren

Den Norske Turistforening (DNT) er Norges største friluftslivsorganisasjon med  318 000 medlemmer i 57 lokale medlemsforeninger over hele landet. DNT arbeider for å fremme et enkelt, aktivt, allsidig og miljøvennlig friluftsliv og for å bevare natur- og kulturverdier. DNT har en viktig rolle overfor sentrale myndigheter og organisasjoner i arbeidet for å sikre friluftslivet gode rammevilkår. 

Har du lyst til å jobbe for Norges største friluftslivsorganisasjon? 

Svært mye av DNTs virksomhet er basert på frivillig innsats, men DNTs administrasjon og de største medlemsforeningene rundt omkring i landet lyser ofte ut hel- eller deltidsstillinger på sine hjemmesider. På denne karrieresiden legger DNT Oslo og Omegn og DNT sentralt ut sine stillinger.

Sesonghjelp: 

Mange av de betjente turistforeningshyttene har behov for sesonghjelp både vinter og sommer. Hvis du ønsker deg jobb på ei betjent hytte må du henvende deg til hytta direkte eller ta kontakt med foreningen som eier/driver hytta. Se oversikt over DNTs medlemsforeninger.

Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
6878 Veitastrond
Bransje
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Hotell og overnatting / Service/servering

Nøkkelord

Vertskap Tungestølen Turisthytte

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjarne Venjum
Telefon
90 72 47 59
Følg firma
1791 følger dette firmaet

6878 Veitastrond

Annonseinformasjon

FINN-kode 169760396
Sist endret 10. feb. 2020 10:10

Rapporter annonse