Utløpt

Ryfylkemuseet søkjer avdelingsleiar for bygningsvern

Arbeidsgiver
Ryfylkemuseet
Stillingstittel
Avdelingsleiar/ bygningsantikvar
Frist
19.02.2020
Ansettelsesform
Fast

Om stillinga/ arbeidsoppgåver

Ryfylkemuseet har ledig 100% fast stilling som leiar av bygningsavdelinga og bygningsantikvar frå 1.mars 2020. 

Avdelinga er eit team med variert fagbakgrunn som skal løyse forskjellige oppgåver. Vi er på jakt etter ein ny kollega som passar i teamet, både med tanke på fagleg samansetting og som person. Difor vil vi legge vekt på personleg dugleik.

Avdelinga har ansvar for vedlikehald og restaurering av museet sine anlegg. Det antikvariske bygningsvernet på museet sine bygningar og fartøy står sentralt i arbeidet ved museet. I tillegg har Ryfylkemuseet stort fokus på å registrere, dokumentere og atterreise dei lokale, tradisjonelle bygningsfaga og tradisjonshandverket. Blant anna jobbar avdelinga også med haldningsskapande arbeid og formidling av tradisjonshandverk i regionen, er rådgjevar for bygningsvern i regionen og er aktiv i nasjonale og regionale nettverk for bygningsvern og handverkskompetanse på musea.

Vi ønskjer oss ein person som kan ivareta jobben som avdelingsleiar, men også kan bidra fagleg med bygningsantikvarisk arbeid. Blant oppgåvene vil vere:

-      Leiaroppgåver, oppfølging av personale og prosjekt

-      Utvikling av prosjekt, inkludert skriving av prosjektskildringar og søknadar, oppfølging og rapportering

-      Bygningsantikvariske vurderingar, utarbeide rapportar og restaureringsplanar i dialog med handverkarane

-      Leiing av arbeidet med bygningsvernsenter

-      Presentasjonar, foredrag og fagartiklar

-      Gjennomføre synfaringar og tilstandsvurderingar

 

Avdelingsleiaren har personal-, resultat- og budsjettansvar for avdelinga si. Stillinga inngår i leiargruppa på museet og rapporterer til direktøren.

Kontorstad er Sand, men avdelinga har ansvar for bygningar i heile regionen og ein del reiseverksemd må påreknast.

 

Kvalifikasjonskrav

Ei god forståing av antikvarisk bygningsvern og musealt bygningsvernarbeid er etter vårt syn avgjerande for Ryfylkemuseet sitt fokus på bygningsvern og tradisjonshandverk. Relevant erfaring er ein nøkkelkvalifikasjon for oss. Vi vil vekte dokumentert realkompetanse og relevant erfaring like høgt som utdanningskravet.

Stillinga er allsidig med varierte arbeidsoppgåver, difor kan ulike typar bakgrunn og utdanning vere aktuelle for oss.

 

Vi ønskjer at du:

-      Har erfaring frå museum eller antikvarisk bygningsvern på profesjonelt nivå.

-      Har høgare utdanning på masternivå i arkitektur, teknisk konservator, eller kulturminnerelaterte fag. Eventuelt at du har utdanning som handverkar og fleire år med relevant arbeidserfaring.

-      Har erfaring som leiar, eventuelt prosjektleiar.

-      Er opptatt av godt arbeidsmiljø og bedriftskultur og set HMS høgt.

-      Er fleksibel, trivst med tverrfagleg arbeid og likar å jobbe med mangfaldige oppgåver.

-      Har erfaring med å skrive rapportar, prosjektsøknadar og faglege vurderingar.

-      Har erfaring med å presentere fagleg innhald for eit variert publikum.

-      Har erfaring med handverksforsking eller eventuelt anna type forskingsprosjekt.

 

Det vil vera nødvendig med førarkort.

 

Vi tilbyr

Varierte oppgåver og moglegheit til å vere med på å utvikle ei avdeling i vekst, triveleg arbeidsmiljø, gode velferdsordningar, løn etter avtale, pensjonsordning i KLP.

 

Kontaktinformasjon

Sjå fullstendig utlysing på vår heimeside https://ryfylkemuseet.no/ledig-stilling/.

Søknadsfrist 19.februar. Tiltreding snarast.

Søknad med cv og referansar skal sendast til post(at)ryfylkemuseet.no, eller nytt søknadsskjema på Finn.no.

For meir opplysningar, ta kontakt med Anna Ehrhardt, aneh(at)ryfylkemuseet.no, 91 90 91 32, eller Stina Ekelund Erlandsen, stina(at)ryfylkemuseet.no, 91 90 51 06.


Om arbeidsgiveren

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum for regionen Ryfylke i Rogaland, med 18 faste tilsette, 2-3 midlertidige prosjektstillingar, og sommarguidar og vertar i tillegg. Museet har hovudkontor på Sand i Suldal, og kring 20 små og store anlegg i regionen. Til saman har Ryfylkemuseet ansvar for rundt 75 antikvariske bygningar, i tillegg til nokon driftsbygningar. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Dei viktigaste satsingsområda for museet er 1) immateriell kulturarv med fokus på bygningsvern, tradisjonshandverk, folkemusikk- og dans, og 2) samfunnsrolle med fokus på inkludering og mangfald, klima og miljø, og barn og unge.

Sektor
Organisasjoner
Lederkategori
Leder
Sted
Nordenden 14, 4230 Sand
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

museum, bygningsvern, avdelingsleder, kulturminner, bygningsantikvar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anna Ehrhardt
Stillingstittel
Direktør
Mobil
91 90 91 32
Følg firma
10 følger dette firmaet

Nordenden 14, 4230 Sand

Annonseinformasjon

FINN-kode 168443936
Sist endret 4. mar. 2020 13:56

Rapporter annonse