Utløpt

Ansvarleg redaktør

Arbeidsgiver
Mediehuset Sunnhordland
Stillingstittel
Ansvarleg redaktør
Frist
05.02.2020
Ansettelsesform
Fast

Mediehuset Sunnhordland er den leiande mediebedrifta i regionen, og skal vera den

føretrekte informasjonskanalen inn i framtida. Me har hatt ei positiv utvikling dei siste

åra, med solid auke av lesarar og annonsørar på våre plattformer.

Me har mål om ytterlegare vekst, og søkjer ein samfunnsengasjert redaktør til å

styrka vår posisjon. Til dette arbeidet er me på jakt etter ein ambisiøs person som evner

å skapa positivt engasjement for lokalsamfunnet og har blikk for å setja dagsorden.

Som ansvarleg redaktør i Mediehuset Sunnhordland må du evna å sjå framover og ha

eit sterkt digitalt hovud. Du må setja lesaren først gjennom bruk av innsikt og analyse

for å sikra endring i takt med utviklinga i samfunnet.

Jobben krev leiarerfaring og god forståing for pressa sitt etiske rammeverk.

Ansvarleg redaktør må ha gode kommunikasjonsevner, skapa entusiasme og inspirera.

Du må vera modig, tydeleg og visa retning og ha stor gjennomføringskraft.

Me legg stor vekt på utvikling av medarbeidarar og teamarbeid.

Ønskjelege kvalifikasjonar:

• Relevant høgare utdanning innan t.d. journalistikk, kommunikasjon eller statsvitskap

• Solid forståing for medieutvikling og digitalisering

• Redaksjonell erfaring

• Leiarerfaring med dokumenterte resultat

Me tilbyr ein sentral og viktig stilling i eit nynorsk mediehus som har blitt kåra til

årets lokalavis både i Norge og Europa, med eit kreativt og godt miljø i lag med

gode kollegaer. Mediehuset har konkurransdyktige lønsvilkår og gode pensjons- og

forsikringsordningar.


Om arbeidsgiveren

Sunnhordland kom første gong ut i 1902 og kjem i dag ut som
papiravis tre gonger i veka og med kontinuerlege oppdateringar
på sunnhordland.no
Godkjent opplag (2019) er 6379.18.300 les oss dagleg på
papir og digitalt.
Mediehuset Sunnhordland har 30 årsverk, held til på Stord der
det er gode kommunikasjonar med eigen flyplass, fast
vegsamband og eit allsidig næringsliv.
Nynorskbyen Stord har gode tilhøve for kultur, idrett og
friluftsliv, og det er lett å trivast blant gode kollegaer.
Sunnhordland har eige trykkeri og distribusjonsselskap.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Lederkategori
Leder
Sted
Borggata 100, 5401 Stord
Bransje
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

Medie, Redaktør, Journalist, Kommunikasjon, Leder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Reidar Hystad
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
90 67 69 83
Kontaktperson
Olav Mugaas / Kjetil Østrem
Stillingstittel
Styreleiar / Tillitsvald
Mobil
98 24 20 22
Følg firma
3 følger dette firmaet

Borggata 100, 5401 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 167985261
Sist endret 28. feb. 2020 11:48

Rapporter annonse