Utløpt

Leiar UiBVidare (underdirektør)

Arbeidsgiver
UNIVERSITETET I BERGEN
Stillingstittel
Leiar UiBVidare (underdirektør)
Frist
05.02.2020
Ansettelsesform
Fast

Søk på stillingen

Klikk Søk Stilling for å komme til vår hjemmeside hvor du kan registrere din CV og søke stillingen.

Om arbeidsgiveren

Kunnskap som formar samfunnet.

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?
Ønskjer du å bidra til å utvikle Universitet i Bergen (UiB) som ein tydeleg aktør innan livslang læring?

Vi tilbyr ei spanande og utfordrande stilling som dagleg leiar for UiBVidare. Vår nye leiar skal omstille og utvikle UiB si vidareutdanningsverksemd. I stillinga arbeider du oppsøkjande og ut mot aktørar i arbeidslivet, mot mogelege marked og internt i fagmiljøa for å støtte og få i gang ny aktivitet. Du arbeider aktivt for å profilere UiB som ein tydeleg aktør innan etter- og vidareutdanning. UiB vidare er organisert ved Studieavdelinga.

Du vil utvikle og leie ei eining som støttar fagleg og administrativ leiing på alle nivå ved UiB i arbeidet med:
• Utvikling av nye tilbod og styrking av tverrfagleg satsingar
• Mobilisering for å auke studietilbodet og inntektene frå denne verksemda
• Pedagogisk utvikling og digitalisering
• Marknadskommunikasjon, budsjettering og inntening

Arbeidsoppgåver:
• Leie og utvikle den sentrale eininga for livslang læring med ansvar for einings sine resultat innan:
o Mobilisering, stimulering og utvikling av nye studietilbod
o Læringsdesign på digitale, pedagogiske plattformer
o Utvikling av digital produksjon
o Ekstern finansiering, anbodsprosessar og økonomistyring av oppdrags- og bidragsprosjekt
o Marknadskommunikasjon, prosjektutvikling og prosjektleiing
• Leie strategisk råd for livslang læring

Stillinga krev:
• Utdanning på ph.d.-nivå eller tilsvarande
• Forskings- og/ eller undervisningserfaring frå universitet eller høgskule
• Dokumentert erfaring med strategisk leiing
• God marknadsforståing og fortrinnsvis nettverk med arbeidslivsaktørar
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:
• Analytisk med god strategisk forståing
• Motivator og relasjonsbyggar
• Utviklingsorientert
• God til å leie andre og til å samarbeide

Vi tilbyr:
• Fast stilling som underdirektør (kode 1059) lønnstrinn 80 – 85 ( kr 813 400 – kr 934 800). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
• Ei leiarstilling med innflytelse på eit viktig samfunnsområde med strategisk fokus
• Stimulerande og utfordrande arbeidskvardag ved ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon
• Godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og utfordrande arbeidsoppgåver
• Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
• Gode velferdsordningar

Utfyllande informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte Experis ved Anette Hansen, 900 80 079 eller Marthe Borchgrevink 934 42 924. Eventuelt kan avdelingsdirektør ved Universitetet i Bergen, Christen Soleim, kontaktes på 414 79 181.




Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nettverk
Facebook, LinkedIn, X
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
5007 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Kurs og opplæring

Nøkkelord

Universitetet i Bergen, Etter og videreutdanning, Leder, UiBVidare, UiB

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anette Hansen
Telefon
90 08 00 79
Kontaktperson
Marthe Tønder Borchgrevink
Telefon
93 44 29 24
Følg firma
351 følger dette firmaet

5007 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 167984585
Sist endret 22. jan. 2020 11:56

Rapporter annonse