Utløpt

Rektor ved Nordbygda skule

Arbeidsgiver
Masfjorden kommune
Stillingstittel
Rektor ved Nordbygda skule
Frist
15.02.2020
Ansettelsesform
Fast
Stillinga som rektor ved Nordbygda skule er ledig frå 1.8.2020

 

Nordbygda skule er ein 1-10 skule med 98 elevar skuleåret 2019-2020. Det er 23 tilsette ved skulen, av dei er 17 pedagogisk personale. Administrasjonsressursen på 112 % er delt på rektor og inspektør (82/30). Skulen har kontormedarbeidar i 60 % stilling. Rektor har oppvekstleiar som næraste overordna. Tre rektorar utgjer kommunen si rektorgruppe. Rektor vil òg ha eit samarbeid med styrar i Nordbygda barnehage.

Rektor er skulen sin administrative og pedagogiske leiar og har eit sjølvstendig ansvar for fag, personale og økonomi ved Nordbygda skule og SFO. Satsingsområda for skulen er godt skulemiljø for alle, tilpassa opplæring med vekt på læringsmål, digital kompetanse og ny læreplan.

Lokala på Nordbygda skule vert på fritida nytta av kulturskule, idrettsskule, fotballag, all-idrett, sjakk-klubb og skulemusikk.


Me søkjer etter ein rektor med
  • gode samarbeidsevner og som ynskjer å gjera ein forskjell
  • kunnskap om skuleutvikling og evne til nytenking
  • evne og vilje til å føra vidare arbeidet for eit godt arbeidsmiljø for elevar og tilsette og utnytta personalet sine sterke sider og ulike kvalitetar.
  • evne og vilje til å vera pådrivar for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen.
  • brei undervisningspraksis og røynsle frå leiing i skulen
  • dei nødvendige formelle kvalifikasjonar
Me tilbyr
  • leiarutvikling og nettverk
  • erfarne medarbeidarar
  • godt samarbeid mellom heim og skule.
  • eit godt læringsmiljø.
  • ein arbeidsplass som vil gje deg høve til utvikling.
  • full barnehagedekking i gode barnehagar

Løns- og arbeidsvilkår etter avtaleverket og nærare avtale

Politiattest

Den som vert tilsett, må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3 månader

Slik søkjer du 

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt personal avdelinga.

Om arbeidsgiveren

Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, men øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor

Nøkkelord

Rektor, leiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Oppvekstleiar Rita Ludvigsen
Telefon
56 16 62 41
Følg firma
10 følger dette firmaet

Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 167923521
Sist endret 16. jan. 2020 14:32

Rapporter annonse