Utløpt

Vil du vere med å vidareutvikla ein attraktiv og ambisiøs næringskommune?

Arbeidsgiver
Tysvær Kommune
Stillingstittel
Næringssjef
Frist
05.02.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HUMAN AS

Tysvær kommune er ein attraktiv og ambisiøs næringskommune. Her finn du eit variert næringsliv med mellom anna landets største næringspark Gismarvik, Aksdal næringspark, Kårstø gassanlegg, eit levande landbruk og eit kommunesentrum i stor utvikling. Dei komande åra forventar vi at det blir skapt mange nye arbeidsplassar i kommunen. Som vår nye næringssjef blir du ei viktig brikke i denne utviklinga.

Næringssjefen rapporterer til rådmann, og er kommunens kontaktpunkt mot næringslivet og organisasjonar. Saman med ordførar og øvrig kommuneleiing sørger du for at kommunen blir kjenneteikna som ein attraktiv stad for etablering og utvikling av næring. Vår ambisjon er at Tysvær kommune skal vere prega av høg verdiskaping og konkurransekraft.

Vi vil at vår neste næringssjef har eit sterkt engasjement for samfunnsbygging, næringsliv og utvikling. Du er god på å bygge tillit og gode relasjonar til alle samarbeidspartnarar.


DINE ANSVARSOMRÅDER:

Vere kontaktpunkt og bindeledd mellom kommune og næringsliv
Arbeide målretta for etablering av ny næringsverksemd i kommunen
Vere ein synleg og aktiv relasjonsbyggar i næringslivet, også til næringslivsorganisasjonar og nabokommunar
Marknadsføre kommunen for nyetableringar
Bidra til eit positivt regionalt samarbeidet
Ha ansvar for og bidra i saksbehandling og utgreiingsarbeid for næringslivssaker
Vere rådgivar i næringsspørsmål


DIN KOMPETANSE:

Du har fortrinnsvis høgare utdanning
Du har erfaring frå næringslivsutvikling, frå privat eller offentleg sektor
Du har god forståing for samspelet mellom privat og offentleg sektor
Du har særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne og må kunne dokumentere skriftleg framstillingsevne


DINE PERSONLEGE EIGENSKAPER:

Du har interesse for samfunnsutvikling og næringslivspolitikk
Du er god på å vinne tillit og skape gode samarbeidsrelasjonar
Du er sterk på kommunikasjon og relasjonsbygging
Du har god forretningsforståing og strategiske evner

 

Vi tar gjerne ei uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga. Ta kontakt med vår rådgivar i Human, Odd Arild Sævik, på mob 450 21 995.
Spørsmål kan også rettast til Rådmann, Sigurd Eikje, på mob 958 93 685.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.

Om arbeidsgiveren

Tysvær kommune har ca. 11.000 innbyggarar, er sentralt plassert på Haugalandet. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund. Tysvær kommune er kjend for sin flotte og vekslande natur. Mange fjordar riv opp landskapet og formar ei kystlinje på heile 220 km. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og med eit godt og desentralisert utbygd skule- og barnehagetilbod. Tysvær kommune har om lag 1250 tilsette i heil og deltidsstillingar. Våre medarbeidarverdiar er Raus, Open, Modig og Ansvarleg. Tysvær kommune sin visjon er Aktivitet og trivsel i Tysvær! Tysvær kommune er ein språknøytral kommune.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Rådhusvegen 9, 5575 Aksdal
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Rådgivning,
Kontor og administrasjon

Nøkkelord

n%C3%A6ringsutvikling, entrepen%C3%B8rskap, forretningsutvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Odd Arild Sævik
Telefon
45 02 19 95
Kontaktperson
Sigurd Eikje
Telefon
95 89 36 85
Følg firma
770 følger dette firmaet

Rådhusvegen 9, 5575 Aksdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 167382190
Sist endret 31. jan. 2020 14:12

Rapporter annonse